Ein ny rapport slår fast at breiband med høg kapasitet gir gevinst i distrikta.
Gevinstane er mellom anna etablering av nye føretak, utvikling av eksisterande verksemder og betre tenesteproduksjon i offentleg sektor som elles ikkje ville vore muleg.
– Rapporten syner at raskt breiband er ein føresetnad for at både private og offentlege verksemder skal bli lokaliserte i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.
Allereie kort tid etter at breibandsutbygginga er iverksett er det muleg å hauste gevinstar lokalt, slår rapporten fast. Desse gevinstane kan vere med og hindre digitale klasseskilje,
Rapporten er utarbeidd av konsulentselskapet Nexia på oppdrag frå Distriktssenteret, og den har kartlagt bruken av høgkapasitet breibandsnett i Austevoll, Bykle, Dyrøy, Fitjar, Forradal og Numedalsregionen.