Universiteta vil no redde Store Norske Leksikon.
– Universitetet i Tromsø, eventuelt saman med dei andre universiteta, vil ta over Store Norske leksikon, seier rektor ved Universitetet i Tromsø, Jarle Aarbakke til NRK Troms og Finnmark.
Eigarane Aschehoug og Gyldendal bestemte tidlegare denne månaden at leksikonet skulle leggast ned, men samstundes opna dei for at andre kunne ta over drifta. Aarbrekke meiner dette er ei naturleg oppgåve for universiteta.
– Veldig mange universitetsfolk er opptatt av å ha tilgang til kvalitetssikra kunnskap som eit slikt leksikon gir, seier han til NRK Troms og Finnmark.
Saman med rektorane ved universiteta i Oslo, Stavanger og Agder ynskjer han no å føre leksikonet vidare. Men både kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) og Kunnskaps- minister Tora Aasland (SV) seier nei.
– Eg trur ikkje eg er heilt samd med rektorane i at det er ein del av formidlingsoppgåva å drifte eit leksikon, seier Aasland til NRK Troms og Finnmark.
Fritt Ord og Sparebankstiftelsen har tidlegare signalisert at dei vil bidra med 2 millionar kroner i prosjektmidlar til snl.no, og at dei vil arbeide for å etablere ei stifting som skal sørge for vidare drift av nettleksikonet.