Heim Nyhende Litt meir nynorsk

Litt meir nynorsk

 Det er blitt meir nynorsk i Kommunal Rapport etter at Britt Sofie Hestvik byrja som redaktør i 2008. Redaksjonen brukte likevel berre nynorsk i 15 av avisa sin 42 utgåver i fjor.

I tillegg kjem kronikkar og lesarbrev. I byrjinga av 2008 uttalte den nytilsette redaktøren i Kommunal Rapport, Britt Sofie Hestvik, at ho håpa det ville bli meir nynorsk i vekeavisa.

– Det er heilt naturleg at det skal vere både nynorsk og bokmål i Kommune-Noreg si eiga avis, sa ho til LNK-avisa den gongen.

Og to år etterpå viser tala at nynorskprosenten har auka. Likevel går debatten om nynorskprosenten burde vore endå høgare.

– Kommunal Rapport nr. 40, 2009. 24 sider. 3,5 sider annonser. 20,5 sider redaksjonelt stoff med om lag 100 spalter og om lag 43 000 ord på bokmål. 0 ord på nynorsk. Eg berre konstaterer levekåra for språkleg demokrati i bladet som KS gir ut, heiter det i eit lesarbrev som sto på trykk i Kommunal Rapport i desember 2009.

Færre saker
Hestvik har sjølv rekna ut kor mykje nynorsk avisa har hatt på trykk dei siste åra.

– I 2007 var det ingen nynorsksaker det første halvåret, i det andre halvåret var det så langt eg kan sjå eit par redaksjonelle saker og ein petit på nynorsk, seier ho og peikar på at dette endra seg i 2008.

– Då eg byrja som redaktør, vart det sagt at det var fritt fram for dei tilsette å skrive nynorsk. Det var ingen som vart nekta det, men eg trur likevel ikkje ein fokuserte så veldig på nynorsk. I 2008 var derimot redaksjonelt stoff på nynorsk representert i 14 av 42 utgåver.

Det var 21 saker som var skrivne på nynorsk i 2008, 11 av desse har Hestvik sjølv skrive. Britt Sofie Hestvik skriv tidvis leiarar, kommentarar og nokre av avisa sine faste rådmannsintervju på nynorsk.

– I 2009 var nynorsken i redaksjonelle saker representert i 15 av dei 42 utgåvene. I fjor var det totalt 16 saker på nynorsk, seier ho vidare.

– Det betyr at det var færre saker på nynorsk i 2009 enn i 2008?

– Ja, men eg vel å fokusere på at me har fått mykje meir nynorsk i avisa, og nynorsk på nye plassar i avisa. Til dømes skriv eg fast eit intervju med ein nytilsett rådmann kvar veke, og når det passar seg slik, skriv eg det på nynorsk. I tilegg har me fått meir nynorsk på sentral kommentarplass og på reportasjeplass, saka på sistesida er også ofte på nynorsk, slår Hestvik fast.

Trur på meir nynorsk
Avisa har i dag totalt ti medarbeidarar i redaksjonen, tre av desse skriv nynorsk.

– Eg vil ikkje setje i gang nokon spesielle rekrutteringstiltak for å få fleire nynorskskrivande journalistar. Det store målet vårt er å ha journalistar i redaksjonen som skriv godt, og som har kompetanse på dei områda me skal skrive om, seier Britt Sofie Hestvik.

Ho legg vekt på at ho framleis ynskjer meir nynorsk i avisa, og at ho har tru på at nynorskprosenten kan kome til å auke i det komande året.

– Me har nettopp tilsett ein ny journalist som skriv nynorsk og bokmål halvt om halvt. Dermed trur eg det vil bli meir nynorsk framover, seier ho.

– Det er bra at nynorsk er ein del av Kommunal Rapport. Eg er også nøgd med det løftet nynorsken har fått i avisa, og håpar sjølvsagt det vil bli meir nynorsk på nyhendeplass i avisa, men ynskjer ikkje å setje noko prosentvis mål for nynorskdelen.

Britt Sofie Hestvik viser også til at språket er ein del av vurderinga når avisa er på leit etter nye kronikkskribentar. Kommunal Rapport er eigd av kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) og rettar seg mot politikarar, administrasjon og andre tilsette i kommunesektoren.

 
 

 

Førre artikkelVil redde leksikonet
Neste artikkelSøkjer kvinner

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...