Heim Nyhende - Indre stamveg er viktig

– Indre stamveg er viktig

Diktarvegen er ein mulegheit for kommunane langs indre stamveg til å vise seg fram, meiner samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

– Diktarvegen kan gi fleire høve til å realisere draumar og nye verksemder kan gro fram. Den kan bli eit middel for å nå andre mål, sa samferdsleministeren under opninga av konferansen Vegen vidare som opna i Balestrand i dag.

I ein slik samanheng blir trygge og gode samferdsleårer på Vestlandet er avgjerande, seier samferdsleministeren.

Vegane på Vestlandet er ei utfordring. Heile 43 prosent av den nasjonale eksporten føregår på Vestlandet, sjølv om berre 25 prosent av det totale folketalet bur her. Indre stamveg er like viktig som ytre stamveg, men den indre vegen står overfor heilt andre utfordringar, seier Kleppa.

– I den ytre stamvegen er det og andre krefter enn politikken som er naturlege pådrivarar. Derfor er det ekstra viktig å gjere indre stamveg sterkare.

Rassikring av vesentlege strekningar langs rv 13 som Oddadalen og Tysdalsvatnet er avgjerande for at folk skal få ein trygg kvardag og for at samfunnet skal spare kostnadene stengte vegar medfører, påpeiker samferdfsleministeren. Nasjonal Transportplan legg opp til å bruke 1 milliard årleg til rassikring, og totalt 332 milliardar til samferdsle dei neste ti åra.

– Målet er sjølvsagt å få mest muleg veg og rassikring for pengane, og vi vil invitere ulike miljø med på å drøfte kva pengane skal brukast til og kor det kan vere meir å hente.

Førre artikkelFlytt til Hardanger
Neste artikkelTreng god kommunikasjon

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...