Heim Nyhende Ung til sinns blir Framtida.no

Ung til sinns blir Framtida.no

Ung til sinns skiftar namn. Framtida.no skal bli ein nettstad kor brukaren får vere med og styre.

 

Nettavisa, som til no har hatt arbeidstittelen Ung til sinns, skal rette seg mot unge folk i alderen 15 til 25, men prosjektleiar Sven Olav Langåker understreker at nettsida ikkje berre vil vere for ungdom.

 

– Namnet Framtida.no speglar at dette er ein nettstad for framtida, om framtida. Og artiklane blir skrivne av dei som er framtida vår, dei unge i dag.

Den nye nettsida er ei satsing frå LNK og ABC Startsida, men den har og organisasjonar som LLA, Magasinett, Pirion og prosjektet Mot til å meina i ryggen. I tillegg er Kultur- og kyrkjedepartementet inne på finansieringssida.

Framtida.no skal produsere eige nyhendestoff og samstundes hauste frå samarbeidsorganisasjonane sine tekstbasar. I tillegg blir det ein del såkalla brukargenerert stoff, forklarar Langåker. Det vil seie at lesarane også får vere med å kommentere sakene og produsere artiklar sjølve.

– Blir dette eit reint nynorskprosjekt?

– Brorparten av stoffet vil nok vere på nynorsk, seier prosjektleiaren.

Det er ein del av føringa som er lagt i samband med at nettsida får støtte frå departementet. Organisasjonane og lokalavisene som leverer stoff til Framtida.no har også stort sett ein nynorsk profil.

– Men brukarane, dei vil vi ikkje bestemme over, seier Sven Olav Langåker som reknar med at Framtida.no er på nett ved skulestart til hausten.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...