Heim Nyhende - Boikottar Fosse

– Boikottar Fosse

– Når Jon Fosses teaterstykke nesten ikkje er spelte på teatra frå Trondheim og nordover er dette etter mi meining først og fremst av språklege og språkpolitiske grunnar, seier dramaturg Ola E. Bø ved Det Norskte Teatret til scenekunst.no.

Ved Trøndelag Teater er nynorskredsla ekstra stor, meiner Bø. Han har gått gjennom repertoaret ved regionteatra frå Trondheim og nordover og fann ut at berre eitt stykke av Jon Fosse, Draum om hausten, vart spelt på Trøndelag Teater i 2011. Verken Nordland Teater eller Hålogaland teater har spelt noko av den kjende norske dramatikaren, skriv scenekunst.no.

– Når Jon Fosse ikkje har fått det gjennomslaget i sitt eige heimland som han har fått ute i Europa er det fordi han skriv på eit offisielt mindretals-språk som det i norsk teater finst ein lang og seig tradisjon med fordommar mot, seier Bø.

– No har Trondheim fostra ein ny, stor forteljar og dramatikar som skriv på nynorsk, Carl Frode Tiller. Han blir beden av teatret å levere tekstane sine på bokmål. Sikkert ikkje noko stor sak for han, men… Er det Trondheims-publikummet som skal beskyttast mot sine fordommar? I så fall er det teatrets oppgåve å utfordre, ikkje å legge seg flat, skreiv Bø i eit føredrag for Norsk Teaterlederforum sist haust.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...