Berre ti kommunar har søkt om midlar til psykologsatsing i kommunane.
Helsedirektoratet har i år sett av ein pott på 30 millonar kroner til psykologsatsing. Søknsadsfristen er no ute, men på grunn av den dårlege pågangen har dirketoratet utsett fristen med tre veker.
Avdelingsdirektør i Sosial- og helsedepartementet, Jens Gulsund, seier til NRK Sogn og Fjordane at han er skuffa over den manglande interessa.
– Dette skal vere eit bidrag for å få fleire psykologar ut til kommunane, også i distrikta, seier Gulsund.
I fjor søkte 120 kommunar om tilsvarande midlar. 50 av desse fekk då pengar som skal brukast til å rekruttere psykologar til distrikta.