Heim Nyhende Kommunane må kome nærare borgarane

Kommunane må kome nærare borgarane

Lokaldemokratiundersøkinga, som vart lagt fram tysdag, viser at kommunane er opptekne av utvikling, men dei må kome nærare sine eigne innbyggjarar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

– Ikkje minst er det bra at politikarane har høgare ambisjonar enn innbyggjarane, seier Navarsete på nettstaden til departementet. Ifølgje undersøkinga er politikarane mindre nøgde med tenestene enn innbyggjarane.

Undersøkinga har kartlagt kva folkevalde og innbyggjarar i 50 kommunar har av røynsler med og oppfatningar av kommunane. Resultatet viser at innbyggjarane er nøgde med tenestene sine og tykkjer kommunane er effektive. Men dei vil vite meir om kva skattepengane blir brukt til. Innbyggjarane vil også bli høyrde i større grad.

– Det er ingen tvil om at kommunane kan kome nærare borgarane og la dei ta større del i avgjerdene. Kommunane må få meir informasjon tilgjengeleg, til dømes gjennom sosiale medium. Det er også viktig at innbyggjarane kan påverke meir direkte, for eksempel gjennom ungdomsråd. Fleire kommunar har hatt suksess med det, seier Navarsete. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...