Heim Nyhende Skal få meir nynorsk

Skal få meir nynorsk

Det blir endringar for nynorskbrukarane på Fjord Norge sin nettplattform, lovar organisasjonen.

Databasesystemet som Fjord Norge bruker er per i dag berre på bokmål, noko ikkje alle reisemålsorganisasjonane er fornøgde med. Systemet er ein del av ei felles nettløysing som Fjord Norge tilbyr sine organisasjonar, og informasjonssjef Bjørn Tore Lysnes i Fjord Norge seier dei reknar med å kunne tilby sine brukarar eit betre tilbod til sommaren.

– Av reint praktiske grunnar er vi i dag ikkje i stand til å ha system med full språkversjon for både nynorsk og bokmål, men det vi kan gjere er å lage tilpassingar som gjer at sluttbrukaren likevel opplever at nettsida gjennomgåande er på nynorsk. Så sant alt innhaldet er produsert på nynorsk, seier Bjørn Tore Lysnes. Han minner om at dagens portal er i det som kallast ein beta-versjon, altså ein versjon som er under utvikling.

– Vi har ei lang liste over saker vi ønskjer å forbetre og vidareutvikle, og betre nynorsktilbod er ein av dei.

Lysnes seier han forstår frustrasjonen til Reisemål Ryfylke, men dei er ikkje samde i at valet av databasesystem frå TellUs diskriminerer nynorskbrukarane.

Fjord Norge meiner dei har valt ei dynamisk løysing som kan tilpassast deira behov. Det stemmer at ein del ord ikkje kan veljast på nynorsk i dag, men dei er ikkje utelukkande bestemt av databasesystemet.

Problematikken knytt til bruk av nynorskord i Google er ei anna side av saken som dei og vil adressere. Det faktum at søkjemotorar favoriserer majoriteten sitt språk er ei utfordring organisasjonen kjenner til og er opptekne av. Dei ser gjerne at språkmiljøa tar tak i problemet med søkjemotoroptimalisering. Sjølve stiller dei seg opne for råd om korleis ein skal sikre brukarane ei god nynorsk leseoppleving utan at nettstaden tapar klikk i Google.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...