Heim Nyhende - Eit unntak

– Eit unntak

Hamar Arbeiderblad hadde nyleg ei redaksjonell sak på nynorsk. – Avisa vår har alltid vore ei bokmålsavis, og det vil den også vere i framtida. Dette var ei spesiell sak, seier ansvarleg redaktør Rolv Amdal.

Det var journalist Stian Steinsvik som skreiv saka om at ikkje ein einaste av ungdomsskuleelevane i Hedmark fylke vel nynorsk som sitt hovudmål. Og det gjorde han på nynorsk.

– Språkpolitikken i Hamar Arbeiderblad er at språket som hovudregel skal vere på bokmål. Unntaket gjeld lesarinnlegg som kjem på nynorsk. I denne saka fekk eg dispensasjon hjå redaktøren til å skrive på nynorsk, seier Steinsvik til lnk.no

Mange reaksjonar
Han valde å skrive på nynorsk sidan saka handla om kor mange elevar som valde nynorsk.

– Eg tenkte denne vrien kunne gjere det meir morosamt for lesaren å lese ei sak som i utgangspunktet høyrdes kjedeleg ut, seier han og legg vekt på at han ikkje er nynorskbrukar privat og heller aldri har hatt nynorsk som hovudmål.

– Eg trur faktisk det var første gongen eg har skrive på nynorsk sidan gymnaset.  

– Fekk du mange reaksjonar?

– Eg fekk mange reaksjonar frå lesarane. Mykje meir enn eg normalt gjer på artiklane mine. Nokon av dei var negative, medan dei fleste kom med oppmuntrande attendemeldingar, fortel Steinsvik.

Journalist Steinsvik trur ikkje det blir nokon vane med nynorske artiklar i Hamar Arbeiderblad. For det første meiner han dette var eit unntak i forhol til språkpolitikken i avisa, og for det andre meiner han at han ikkje har like god kompetanse i å skrive nynorsk som bokmål. Ansvarleg redaktør Rolv Amdal legg heller ikkje skjul på at avisa har ein konsekvent språkpolitikk.

Ikkje noko tema
– Språket er ikkje noko tema her, dei journalistane som er tilsette hjå oss skal skrive bokmål. Men me opnar opp for nynorsk dersom det er eit høve for det, eller det passar. I denne saka var språket eit forteljargrep, meiner han og viser til at det truleg blir lenge til neste artikkel på nynorsk i Hamar Arbeiderblad.

Jens Haugan ved Høgskolen i Hedmark er positivt overraska over at avisa no har hatt ei redaksjonell sak på nynorsk. Sjølv skriv han kronikkar på nynorsk i avisa.

– Slik eg har forstått det, er redaktøren i Hamar Arbeiderblad bestemt på at avisa ikje er noko nynorskavis. Til vanleg er det berre eg som leverer nynorske tekstar til avisa, i tillegg til nokre andre kronikkar. Bortsett frå det er avisa nesten kjemisk fri for nynorsk, seier Haugan. 

– Hamar er jo ein by og ligg på mange måtar i skuggen av Oslo. Så det er nok mange grunnar til at folk flest ynskjer å idetifisere seg med bokmål. På den andre sida er Hedmark også Alf Prøysen sitt fylke, og hedmarksdialektane har også fått litt meir status gjennom Sigbjørn Johnsen.  

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...