Heim Nyhende - Snakk med oss

– Snakk med oss

– Det er viktig at ungdom opplever at dei blir snakka med, og ikkje berre til, seier Christina Nessa (19) som er leiar i AUF Rogaland.

Nessa deltok på opninga av Mot til å meina-konferansen i Stavanger i dag. AUF – leiaren er sikker på at ungdommen er politisk interesserte, men meiner det er viktig at politikarane har tid til å lytte til kva ungdommane meiner i viktige saker.

– Eg veit at ungdommane er engasjerte. Det har eg sett i heimkommunen min, Hjelmeland, også. Mange ungdommar engasjerte seg då ungdomsskulen i Årdal skulle leggast ned for eit par år sidan, og ikkje minst på grunn av ei dødsulykke i vinter på rv 13 som mange er avhengige av og må køyre på fleire gonger til dagen. Då klarte ungdommen å samle 600 demonstrantar for å betre vegen.

– Men det er mange som ikkje kjem på at dette er det same som politikk. Det er enklare for mange ungdommar å engasjere seg i enkeltsaker, enn i politikken, seier Nessa.

Christina Nessa rådar lokalpolitikarane til å møte ungdommane ansikt til ansikt.

– Besøk ungdommane på skulen. Og ikkje berre fortel korleis kommunestyra er oppbygde, men still spørsmål om kva ungdommane meiner i politiske saker.

AUF – leiaren oppfordrar også lokalpressa til å bli litt meir spenstig i dekninga av politikk.

– Det er altfor få kule overskrifter om handlar om politikk i lokalavisa, slår ho fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...