Heim Nyhende - Eit eige stammespråk?

– Eit eige stammespråk?

Student og medlem i sentralstyret til NMU, Jostein Avdem Fretland, meiner kommunane bør kome seg på Facebook for å få fleire ungdommar til å lese politiske saker. 

– Ikkje tru at det å publisere saksdokument på nettet gir reelt innsyn, seier han.

Fretland har sett på politiske sakspapir frå fleire kommunar for å sjå kor vanskeleg det politiske språket er. Han meiner det er mange ord som skaper avstand mellom politikarane og dei unge lesarane.

– Eg fekk ein lengre epost frå Hjelmeland kommune med ei forklaring på kor eg skulle finne budsjettsaka i kommunen. Kvifor fekk eg det når det er så mykje enklare å berre google kommunen og budjsett, då kjem det opp med ein gong. Det er slik ungdommane tenkjer. Internettkvardagen vår er basert på klikk, seier Fretland som fleire gonger nesten gav opp då han skulle leite seg gjennom dei kommunale papira.

Han meiner kommunane bør endre på språket sitt, og gjere det enklare.

– Tenk som ei avis. Dersom ei avis hadde brukt det same språket som det er i kommunale dokument ville ikkje ungdommen lese lokalavisa så mykje som dei gjere i dag. Og det er jo nettopp dei kommunale sakene som kjem i lokalavisa som ungdommane er mest interesserte i. Og bruk Facebook som ein kanal til å fortelje om sakene.

– Få råd frå dei unge sjølve som er lesarane. Og lag ulike saksdokument til ulike grupper lesarar, meiner Fretland.  

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...