Heim Nyhende - Gi ungdommane makt

– Gi ungdommane makt

Ei kartlegging utført av Sentio research på vegner av valprosjektet Mot til å meina viser at heile 77 prosent av dei spurde meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å røyste ved val. Det er ikkje professor Frank H. Aarebrot samd i.

Kartlegginga er gjennomført blant eit utval på 1000 personar blant Noreg sin befolkning mellom 15 og 25 år. Målet er å kartlegge ungdomens politiske engasjement.  Resultatet vart lagt fram under Mot til å meina-konferansen som no pågår i Stavanger.

Frank H. Aarebrot er overraska over at så mange ikkje meiner 16-åringane er modne nok til å røyste ved val. 

– På grunn av aldersfordelinga mellom innbyggargruppene er det naudsynt å senke røysteretten. Me blir stadig fleire eldre, og færre unge. Dermed blir det større avkasting på å ha ein eldrevennleg politikk, enn ein ungdomsvennleg politikk, meiner Aarebrot. 
 
– Me må vere villige til å gi ungdommen makt for å skape og vedlikehalde politisk interesse. Diverre er me ofte meir interessert i å lære ungdommane opp i det politiske spelet, framfor å gi dei makt, seier Aarebrot. 

Kartlegginga viser også at 51 prosent av dei spurde har vore medlem i eit elev/ungdomsråd, 45 prosent opplyser at dei les lokalavisa der dei bur ofte, det er berre 4,6 prosen som opplyser at dei aldri les lokalavisa. 42 prosent meiner dei er interessert i lokal politikk, medan 41 prosent også seier dei ikkje er interessert i lokal politikk. Dei resterande 17,8 prosenta opplyser at dei ikkje veit. 62 prosent av dei spurde meiner også det er viktig at dei folkevalde er på nettet.

Førre artikkel– Eit eige stammespråk?
Neste artikkelVart fanga opp

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...