Heim Nyhende Vart fanga opp

Vart fanga opp

Geir Pollestad (Sp), Hadija Tajik (Ap) og Iselin Nybø (V) meiner det var avgjerande at etablerte politikarar såg dei og fanga dei opp for at dei sjølve kom inn i politikken.

 

Hada Tajik som har erfaring både som journalist og politisk rådgjevar i fleire departement er i dag stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Geir Pollestad har også erfaring som politisk rådgjevar, og er i dag stortingsrepresentant for Senterpartiet. Iselin Nybø er formannskapsrepresentant for Venstre i Stavanger. I dag diskuterte politikarane ungt engasjement under Mot til å meina-konferansen i Stavanger.

– Eg kom inn i politikken og Senterungdommen fordi eg var engasjert i EU – saka. Etterkvart oppdaga eg at politikk var mykje meir enn overføringa av kommunestyremøta på Jærradioen. Men eg veit ikkje om eg hadde vore politikar i dag dersom eg hadde blitt valgt inn i kommunestyret som 18-åring, seier Geir Pollestad og legg vekt på at det kommunale språket ofte er for vanskeleg og at det er for mange framandord i sakspapira. Noko som kan skreme ungdom frå å delta i politikken.  

God læringsarena
Hadia Tajik kom også litt tilfeldig inn i politikken, og skulle eigentleg aldri bli politikar.

– Eg kom inn i AUF fordi eg var opptatt av antirasisme og korleis me hadde det på skulen vår. Men det var aldri meininga eg skulle bli politikar, i staden utdanna eg meg til journalist og byrja å jobbe i ulike avisredaksjonar. Men i 2006 kom spørsmålet om eg ville bli politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet for statsråd Bjarne Håkon Hanssen, seier ho.

I ettertid har ho jobba med politikk til dagleg. Dei tre politikarane har ein ganske lik bakgrunn, blant anna har alle erfaring frå ungdomsorganisasjonane i partia.

– Ungdomspartia er ein veldig god læringsarena der ein også får bli del av eit miljø, seier Iselin Nybø.

Opnare demokrati
Hadia Tajik er samd i dette, men viser likevel til at politikarane ikkje må bli for like. I fylgje Tajik kan ein fort oppleve ein situasjon der dei fleste politikarane ikkje har erfaring frå arbeidslivet, men derimot har gått gradene i partia.

– Ein skal hugse på at det kjem mange gode politikarar inn frå sidelina. Jonas Gahr Støre er eit godt døme på det, slår Tajik fast.

Dei unge politikarane har også sterk tru på at sosiale medium blir ein av dei viktigaste arenaene i framtida.

– Dei sosiale mediuma er komne for å bli. I framtida blir det like viktig å vere tilstades her som på Dagsrevyen eller i Aftenposten. Nye medium gir oss høve til å gjere demokratiet opnare og lettare tilgjengeleg for folk, meiner Tajik.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...