Heim Nyhende Prispengane dekkjer underskot

Prispengane dekkjer underskot

Stord kommune fekk 100 000 kroner som Årets nynorskkommune i 2009. No er mesteparten av pengane forsvunne i kommunalt underskot.

Av dei 100 000 kronene kommunen fekk av Kommunal- og regionaldepartementet har 10 000 kroner gått til barnelitteraturfestivalen Falturiltu og 10 000 til Stord Mållag, slik politikarane bestemte. Dei resterande 80 000 vart sett på bok medan komiteen for næring, miljø og kultur fann eit eigna prosjekt som ville komme folk flest til glede, melder til Haugesunds avis. Både språkkurs og den kulturelle skulesekken var aktuelle saker, fortalde ordførar Liv Kari Eskeland (H) til LNK i fjor.

Men Stord kommune gjekk med underskot i 2009. Dermed forsvann dei 80 000 til dekking av underskot, noko som først kom for ein dag då Stord mållag nyleg byrja etterlyse aktivitet knytte til prispengane i lokalavisa.

Rådmann Magnus Mjør seier dei 80 000 kronene ikkje var øyremerkte, og at slike midlar automatisk blir trekt inn når kommunen er i ein situasjon der underskot skal dekkast inn.

– Dette kan skje med alle midlar som kjem under kategorien frie inntekter i ein rekneskap, rekneskapsreglane styrer dette, seier han, og legg til at dette nok ikkje var ein utgang på saka verken administrasjonen eller politikarane såg for seg når den politiske komiteen i si tid utsette saka.

– Det er sjølvsagt ein trist lagnad for prisen om det endar slik. Dersom ein likevel skulle ønskja å nytta summen til gode nynorskføremål lyt det gjerast ei ny løyving, noko me så langt ikkje har diskutert.

Prisen Årets nynorskkommune vart delt ut første gong i fjor etter initiativ frå Kommunal- og regionaldepartementet. Det blir ny pris i år, men kva tid den blir delt ut er enno ikkje bestemt.

 

 

Førre artikkelVart fanga opp
Neste artikkelVil ordne opp

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...