Heim Nyhende Vil fjerna urettferdige kommuneskilnader

Vil fjerna urettferdige kommuneskilnader

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) foreslår å endra fordelinga av inntektene mellom kommunane for å jamna ut det ho meiner er urettferdige skilnader mellom rike og fattige kommunar.

Navarsete la tysdag fram forslag for Stortinget om omfattande endringar i korleis inntektene til kommunane skal fordelast.

– Kriteria for kor mykje pengar dei einskilde kommunane skal få har ikkje endra seg på 15 år. Samtidig har samansetjinga av befolkninga, levekår og busetjingsmønsteret endra seg. No har vi gjort om kostnadsnøklane så kartet skal stemma betre med terrenget, seier Navarsete.

Ei viktig endring er at det øyremerkte tilskotet til barnehagane no blir innlemma i rammefinansieringa til kommunane, noko som betyr ei vesentleg omfordeling av desse midlane mellom kommunane. Regjeringa foreslår vidare å redusera skattedelen av inntektene til kommunane frå 45 til 40 prosent.

– Éi av dei viktigaste inntektsskilnadene mellom kommunane kjem av skilnader i skatteinntekter. Ved å redusera skattedelen vil det gje betre grunnlag for meir likeverdige velferdstenester over heile landet, seier Navarsete.

Regjeringa foreslår å redusera småkommunetilskotet med 1 million kroner og å redusera Nord-Noreg og Namdalstilskotet med 10 prosent. Det blir samtidig gjort forslag om å innføra eit nytt storbytilskot til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Det er sett av 400 millionar kroner til å hjelpa kommunane som taper mest på omlegginga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...