Heim Nyhende Vurderer gratis kurs

Vurderer gratis kurs

LNK vurderer no å tilby gratis språkkurs til alle sine medlemmer.

– Me har gjennom lang tid sett at det har bygd seg opp mykje  frustrasjon rundt omkring i kommunane. Fleire medlemmer har signalisert at dei faktisk vurderer obligatoriske språkkurs for nytilsette, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

I går hadde Strandbuen ei sak der rådmann Øyvind Bergøy i Hjelmeland kommune kom med eit språkleg hjartesukk. Han meiner nynorsk er for vanskeleg for mange av dei tilsette i administrasjonen, og var villig til å lempe på nynorskkravet. Dette er i fylgje Høviskeland ein kjent situasjon.

– Kommunane tilset personar som er uteksaminerte frå universitet og høgskular, med topp kompetanse innafor eigne fagfelt, men som av og til skriv så vanskeleg, og så kronglete at teksten vert uleseleg for folk. Dette er eit problem som me må ta på alvor, det er faktisk slik at dårleg språk kan verta eit demokratisk problem, der nokre grupper blir stengde ute frå velferdssamfunnet, slår Høviskeland fast.

Høviskeland meiner dette handlar om den generelle språkkjensla, og trur kommunane bør satse på språkleg opplæring blant dei tilsette.

– I nokre av medlemskommunane våre vert det snakka om at dette handlar om nynorsk og bokmål. Av og til gjer det nok det, det er ei kjend sak at nynorskbrukarar er langt betre i sidemålet sitt enn det bokmålsbrukarar er. Men eg har eit inntrykk av at dette handlar meir om språkkjensle generelt.

– LNK har jo utvikla kursopplegget På saklista som handlar om nynorskopplæring for saksbehandlarar i det offentlege. Eg trur ikkje at eit slikt kurs åleine kan gjere folk til perfekte nynorskbrukarar, men kursa fører til at folk blir meir opptekne av språk. Kommunane bør satse på opplæring.

– Kva trur du er grunnen til at mange tilsette vegrar seg mot å skrive nynorsk?

– Det kjem seg nok av at norskopplæringa i skulen har vore særs mangelfull dei siste tiåra, ikkje minst for dei som skulle ha lært nynorsk som sidemål.

Dersom styret i LNK går inn for dette, vil LNK frå hausten av tilby gratis språkkurs til alle sine medlemmer.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...