Øyunn Viken blir ny leiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland etter forfattar Olaug Nilssen.
Viken har hovudfag i litteraturvitenskap og har no vore tilknytt Universitetet i Bergen i ni år. Ho har også blant anna vore bokmeldar i Morgenbladet og tidlegare både førelesar og sensor ved Skrivekunstakademiet.
– Overgangen til høgskule har ført til auka press på administrasjonen ved Skrivekunstakademiet, og styret er sikre på at Viken vil løyse dei administrative leiaroppgåvene på beste måte, seier styreleiar Hans Otto Robberstad til Skrivekunstakademiet sin eigen nettstad, og legg til at den nye leiarens fagkompetanse blir eit viktig supplement til lærarstaben, som er sterk frå før med Øyvind Rimbereid som undervisningsleiar og Gunnhild Øyehaug og Tormod Haugland som skrivelærarar.
Det var seks søkarar på stillinga som akademileiar ved Skrivekunstakademiet. Øyunn Viken gler seg til å ta fatt på arbeidet.
– Eg er særs motivert for å ta fatt på vidareutviklinga av akademiet, sidan institusjonen er viktig og god, men samtidig har stort utviklingspotensiale. At det er rekordhøgt tal på søkjarar til Skrivekunstakademiet i år, viser at skulen alt har godt ry, og det skal eg jobbe for å vidareføre. Sjølvsagt skal akademiet fortsette å tilby eit så godt undervisningstilbod som mogleg, og målet mitt er at Skrivekunstakademiet skal bli betre kjend for nettopp det, seier ho til skrivekunstakademiet.no