Heim Nyhende For lite nynorsk i politiet

For lite nynorsk i politiet

Politiet får refs frå Språkrådet for å bruke for lite nynorsk, skriv NRK Hordaland.

 

Språkrådet vurderer i kor stor grad statlege verksemder er flinke til å bruke nynorsk. Politiet er ei av verksemdene som no sviktar språkleg, slår Språkrådet fast.

– Altfor mykje blir skrive på bokmål. Dei bruker nesten ikkje nynorsk i det heile, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, til NRK Hordaland.

Hordaland politidistrikt er ein av institusjonane som skal bruke nynorsk, dei lovar no å auke nynorskprosenten.

– Eg må vel vedgå at sjølv om eg er nynorskbrukar og kjem frå eit nynorsk distrikt så er det ikkje alltid like lett å bruke nynorsk, seier Olav Valland, administrasjonssjef i Hordaland politidistrikt.   

– Me kan bli betre på dei fleste område, også når det gjeld språkbruken, men me ser at me får daglege henvendingar frå sentrale styresmakter på bokmål, seier Valland.

Les meir hjå NRK Hordaland.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...