212,4 millionar kroner er no fordelt til regionale forskingsfond over heile landet.
Landet har blitt delt inn i 7 fondsregionar som kvar for seg har fått ansvar for å fordele sine løyvingar til forskings- og utviklingsprosjekt som er initiert av offentlege og private verksemder og forskingsmiljø.
Midla er fordelte slik at Region Nord-Noreg får 30,9 millionar, Midt-Noreg får 24,1 millionar, Innlandet får 14,9 millionar, Oslo og Akershus får 27,3 millionar, Oslofjorden 32,7 millionar, Agder får 13,2 millionar og Vestlandet får 29,7 millionar kroner. Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland reknar med at dei første utlysingane kjem før sommaren.
– Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskular, universitet og regionane, seier statsråd Aasland i ei pressemelding. – Målet mitt er større variasjon i forskinga, seier forskingsministeren.
Forskingsfonda er ei ny satsing i regi av departementet for forsking og høgare utdanning og har som føremål å styrke forsking for regional innovasjon og utvikling og drive langsiktig kompetansebygging innafor forskingsmiljøa.