Heim Nyhende Biletbok for vaksne

Biletbok for vaksne

Ei ny biletbok skal letta leseopplevinga for nye landsmenn.

– Eg las at mange av dei nye som kjem til landet, strevar med å læra seg norsk og dermed definerer dei lesing som vanskeleg eller mindre viktig, fortel forfattar Erna Osland.

Osland har fått med seg illustratør Akin Düzakin og er nå i ferd med å avslutta eit bokprosjekt som er retta både mot vaksne og barn. Boka er ein ørliten roman på nynorsk som godt kan nyttast i nynorskopplæring, fortel ho.

Lettlesen biletbok

Osland fekk lyst å skriva ei bok som var lett og lese for vaksne, ei startbok som var enkel i si språklege form, men som likevel hadde noko viktig å seia.

– Ei biletbok er godt eigna, seier Osland. – Bileta kan vera med å forklara teksten. Og ikkje minst. Det tek tid å lesa ei biletbok; barnet kan studera illustrasjonane medan den vaksne får god tid til å finna ut av bokstavane.

Forteljingar som grunnlag

Valet av tema kom utifrå intervju som Osland har gjort med nye landsmenn, som nett hadde lært seg norsk, med støtte frå ”Leser søker bok”. Her fekk Osland fleire forteljingar om korleis det er å koma til eit nytt land og å læra seg å lesa på ny.

For kvar gong eg var i eit slikt møte, skreiv eg ei forteljing, fortel Osland. Til slutt hadde eg ti forteljingar, og ein av dei gjekk eg til illustratør Akin Duzakin med.

Kjærleik og språk

Temaet i boka er å lesa eit nytt språk og Osland har arbeidd med språket i forteljinga for å få det så enkelt som råd. Samstundes har illustratør Duzakin gjort boka vakker samstundes som han har utdjupa tema, understrekar Osland.

Boka Brevet frå havet, som kjem ut på Mangschou forlag til hausten, er ei bok om kjærleik, fortel ho. Ein fiskar får ein ny kjærast ved at han finn ein flaskepost. Ein flaskepost med eit aldeles nytt og framand språk.

– All kjærleik er vel, når det kjem til stykket, å læra seg den andre sitt språk? avsluttar Osland.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...