Det blir mykje språk og kultur når Dei nynorske festspela går av stabelen denne veka. Temaet i år er «reise».
40 arrangement på fire dagar, det er kva arrangørane lover.
– Vi fortettar Festspela til fire dagar for å lage ein endå betre festival og for at publikum skal få høve til å få med seg meir når dei først er komne, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
Det blir mellom anna ei rekkje arrangement for barn. Barnebokforfattar Kari Stai skal møte dei yngste publikummarane. Dei skal få høyre om dei etterkvart så namngjetne skikkelsane Jakob og Neikob og om den nye figuren Blodrik.
Fleire forfattarar finn sjølvsagt vegen til Festspela, her kjem Marit Kaldhol, Olaug Nilssen, Aina Basso, Maria Parr og mange fleire.
Mykje musikk og festivitas blir det sjølvsagt og. Heile programmet for festspela finn du her.
Ferdaminne 150 år
Det trykte ordet står i sentrum når Bokbyen Fjærland arrangerer Boknatti komande helg. I høve at Vinjes Ferdaminne fyller 150 år i år er ei rekkje skandinaviske forfattarar og artistar invitert til Fjærland. Dette er folk som har i seg mykje av det same som Vinje; dei er ikkje redde for å ta beina fatt og dei skildrar ofte lokale samanhengar i diktinga si, fortel arrangørane.
Kjartan Fløgstad, Maria Parr, Jessie Kleeman, Mette Moestrup, Agnes Ravatn og Jon Severud er mellom dei som blir å treffe på den tre dagar lange boknatta.
Motbakkeløp
Dei som heller vil bryne seg på naturkreftene, kan gjere det i Bygstad laurdag føremiddag. Då går motbakkeløpet Storehesten opp. Dette er eit løp både for mosjonistar og for dei med konkurranseinstinktet i behald. Nytt i år er klassa «mosjon med tid». Løpet er totalt 6 km langt med 800 hm stiging, og ein vil ferdast både på sti, i fjellterreng og nokre få plassar kanhende på snø.
Løpet har ei eiga nettside som du finn her.
Arrangementa er henta frå kulturkalenderen til Diktarvegen. Har du noko du vil melde inn her? Sjå på www.diktarvegen.no.