Heim Nyhende Vegen vidare

Vegen vidare

– Terra-saka har ført til at me må ha meir fokus på kostnader og inntekter enn før. Tidlegare har me hatt det romslegare, seier ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad (Ap).

Bremanger var ein av åtte kommunar som lånte pengar for å investere i obligasjonar gjennom Terra Securities, som seinare gjekk konkurs. Kommunane krev no 1,5 milliardar kroner frå konkursbuet. Bremanger lånte midlane av DNB Nor og har no gått til sak mot finanskonsernet Citigroup. Tidlegare i vår vart det kjent at Citigroup tapte striden om saka kunne bli tatt opp for ein amerikansk domstol. Svarstad ventar no difor spent på at rettsaka skal byrje.

– Me får sjå korleis desse rettslege prosessane artar seg, men det er klart det er interessant å fylgje med på rettsaka som Haugesund og Narvik no fører i England.

– Kva har Terra-saka gjort med kommunen?

– Ho betyr at me må spare meir enn før. Tidlegare har me hatt ein så romsleg kommuneøkonomi at me ikkje har hatt behov for å kutte noko som helst, seier Svarstad.

Men kommunen har også lært noko om korleis slike prosessar bør gjennomførast.

– Me les dokumenta litt nøyare enn før, og me er meir obs på kva me skriv under på. Ikkje minst brukar me meir ekstern kompetanse enn me gjorde før, seier ordføraren.

Kommunen skal nedbetale gjelda på 200 millionar kroner i løpet av ti år. For at dei skal klare dette, har kommunaldepartementet løyvd 8,5 millionar kroner i ekstraordinære skjønsmidlar i 2010. Ein av desse millionane er øyremerkt til næringsutvikling, noko ordførar Svarstad er glad for.

– Dette fører også til at me ikkje treng kutte så mykje dei første åra at det går drastisk ut over tenestetilbodet i kommunen. Og at me kan halde liv i næringsutviklinga.

– Bevisst politikk

Kystkommunen Bremanger er på mange måtar ein typisk vestlandskommune. Folketalet har gått ned over lengre tid, og næringslivet er i endring. Likevel er ordførar Kåre Olav Svarstad meir opptatt av å snakke om samarbeid mellom kommunar enn om ei eventuell kommunesamanslåing.

– Eg trur på samarbeid. Men det må ikkje bli så mykje samarbeid at jobben vår blir å administrere avtalar. Ein rådmann uttalte på ordførarkonferansen i Sogn og Fjordane at han ville vere ein utviklar, ikkje berre ein som administrerte. Det er mykje sant i det.

Og trass i store utfordringar legg ordføraren vekt på at kommunesamanslåing ikkje er eit tema i kommunen.

– Kommunane blir stadig påførte nye krav og nye tenester. Små kommunar klarer ikkje å løyse utfordringar som samhandlingsreforma, oppretting av voldssenter og krisesenter sjølve. Det kan nesten sjå ut som at dette er ein bevisst politikk, at styresmaktene eigentleg vil at kommunane skal slå seg saman, meiner Svarstad.

Bremanger samarbeider også i dag med nabokommunane når det gjeld område som til dømes brann og revisjon.

– Me ser jo også at me har ei utfordring i å rekruttere kompetent arbeidskraft. Mange av dei som søkjer desse jobbane, vil heller vere i større kommunar.

Ei grense

Kommunen har tatt eit standpunkt når det gjeld skulestruktur, som kanskje er litt uvanleg i sentraliseringssamfunnet vi har i dag.

– Me fekk ekstern hjelp til å gå gjennom skulestrukturen for å sjå kva ein kunne spare. Dei slo fast at me kunne spare ein god del på leggje ned skular og flytte på elevar. Men me har gått inn og sett på desse tala sjølve og finn ikkje at det kan stemme, seier ordføraren, som legg vekt på at livet i bygdene har ein større verdi enn ei eventuell innsparing gjennom nedlegging av skular.

– Me må spørje oss om kva innverknad dette har på ei bygd? Kva med dei som gjerne vil flytte hit, viss me først fjernar skulen og så barnehagen?

På grunn av dette er det no etablert oppvekstsenter i bygdene. Noko som fungerer godt.

– Me ligg på landstoppen i dei nasjonale prøvane, det viser at dette fungerer, meiner Svarstad.

Men kjem elevtalet under 13 elevar, og skulen dermed ikkje blir todelt lenger, er det slutt. Det er både foreldra, bygdene og ordføraren samde om.

– Me veit det finst ei grense, ja. Og det er alle klar over.

Hjørnestein

Landbruksnæringane i kommunen går attende, og den tradisjonsrike fiskerinæringa er i endring.

– Kysten er framleis viktig for oss som bur ute i havgapet. Fiskeriindustrien er framleis stor i kommunen, me har blant anna spesialmottak for å ta i mot sild, og oppdrettsanlegg for både laks, aure og skjell.

– Men tungindustrien er også sentral. Elkem i Svelgen er ei av hjørnesteinsbedriftene våre. Dei har eit sterkt fokus på miljø og utviklar no også stadig nye produkt. No arbeider dei med å utvide levetida på oppladbare batteri, seier Kåre Olav Svarstad og viser også til at turisme, sandindustrien og utviklingspotensialet i alle naturresursane vil stå i sentrum i Bremanger i framtida.

– Me har også store gassfelt som no er i ferd med å bli oppdaga, slår han fast.

 

Førre artikkelKultur i høgsetet
Neste artikkelRapphistorie på nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...