Heim Nyhende Vil ha eit enklare språk

Vil ha eit enklare språk

Fylkeskommunen må bruke eit enkelt språk som folk forstår, skriv Georg Arnestad i Sogn Avis.

– Eg trur ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd ei eiga rettleiing i god målbruk. Det er i tilfelle ei skam. For meir enn noko anna offentleg organ i Noreg har nettopp vår fylkeskommune eit særskilt ansvar for ta vare på, utvikle og sikre bruken av god og høveleg skriftleg nynorsk i forvaltninga. Sogn og Fjordane er den einaste nynorske bastionen. Om alle dei andre nynorske skansane fell, kjem vi til å stå i mot eit kvart åtak. Sogn og Fjordane og nynorsken høyrer uløyseleg saman. Det forpliktar, skriv Arnestad i innlegget.

Han peikar på at den språklege kvaliteten i fylkeskommunen ikkje er god nok, og at ein bør prioritere å styrke den språklege kompetansen.

– Det er ei viktig oppgåve å utvikle det fylkeskommunale byråkratspråket, og å lære organisasjonen å skrive saksførelegg og utgreiingar som er korte, konkrete, presise, leselege og forståelege for folk flest. Dessutan skal tekstane ha ei språkleg tiltalande form, slår Georg Arnestad fast.

Førre artikkelKvinneleg rådmann
Neste artikkelKnausgård til Jølster

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...