Heim Nyhende Vil ha felles språkplan for barnehage og skule

Vil ha felles språkplan for barnehage og skule

Prosjektgruppa for språkprosjektet ”Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen” på Stord rår til at det vert utarbeida ein felles språkplan for barnehage og skule.

Fagleg rådgjevar for språkprosjektet som vart gjort i perioden frå 2008 til 2010, Atle Bjørn Mæhle, skriv i ein artikkel på utdanning.no at ein i prosjektet har erfart at systematisk, gjennomtenkt og kunnskapsbasert arbeid med språket er nyttig og viktig for barna. Språkleg står barna betre rusta når dei startar i skulen. Det gjeld både dugleik i å bruka språket og det gjeld ordforrådet. Samarbeid mellom barnehage og skule i overgangen mellom barnehage og skule vert viktig. Prosjektet rår til at kommunen arbeider ut ein plan for systematisk arbeid med språk, språkmiljø og språkstimulering i barnehage og skule.

I referansegruppa var mellom anna Nils Tore Økland, Høgskulen Stord/Haugesund, Elin Sletten, PP-tenesta Stord/Fitjar og Bjørnar Withbro, Stord Folkebibliotek.

I prosjektet deltok fem barnehagar og prosjektet gav deltakarane kunnskapar om språk, språkutvikling og språkarbeid. Barnehagane gjennomførte tiltak i praksis og gjorde erfaringar som er i tråd med grunnleggjande språkteori når ein ynskjer å få til eit utviklande og godt språkmiljø, skriv Mæhle. I forprosjektet valde kvar av dei fem prosjektbarnehagane ut punkt frå plakaten «Språkutvikling i barnehagen. Kjenneteikn på kvalitet» som dei tykte var interessant å arbeida spesielt med. Dei skaffa seg kunnskapar om det dei hadde valt, prøvde ut, utvikla og fann ut kva som fungerte godt.

Prosjektet har utarbeidd informasjonsfaldaren «Korleis stimulera til god språkutvikling hos barn». I faldaren får føresette tips og idear om kva dei bør passa på og kva dei kan gjera for å gje barnet ei god språkutvikling.

Les meir om prosjektet på utdanning.no

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...