Sametinget vil ikkje støtte etableringa av ei ny samisk avis.
Frilansjournalistane Yngve Paulsen fra Gratangen og Magne Skogås frå Evenes hadde søkt Sametinget om 250 000 kroner til eit forprosjekt, der målet var å starte ei ny samisk avis som skulle dekke området mellom Kåfjord i Troms og Beiarn i Nordland, skriv NRK Sámi Radio.
Sametinget fann likevel ikkje rom for å støtte prosjektet, noko journalistane vart skuffa over.
– Slik me oppfattat søknaden, så var det snakk om pengar til eit forprosjekt, der dei søkte midlar til tekniske investeringar. Sametingsrådet har ikkje høve til å gi pengar til det, me har avgrensa med midlar på budsjettet vårt, seier sametingspresident Egil Olli til NRK Sámi Radio.