Heim Nyhende Sensuell sateng på nynorsk

Sensuell sateng på nynorsk

Med Adam og Eva – sengekledet som snakkar kjærleik lanserte designbyrået Funkle si nye merkevare nå i mai.

Det har verkeleg slått an, ler dagleg leiar Magnvor Lunåshaug. Men den råaste låtten var det ein mann i åttiåra som kom med, fortel ho.

Med erotiske folkeeventyr som utgangspunkt var det heilt naturleg for Funkle-gjengen å ty til nynorsk når produktet skulle lanserast.

Det var eit heilt medvite val å nytta nynorsk i denne kampanjen, understrekar Lunåshaugen. Nynorsk er mest tradisjonstru, og dei to forteljingane er mykje meir fengjande på nynorsk. Hadde me nytta bokmål, ville uttrykket blitt meir vulgært, ler ho.

Medan sengekledet er rikt illustrert, får kjøparane eventyret på baksida av innpakninga.

Funkle nyttar ikkje nynorsk til vanleg og henta inn hjelp frå eit lite tekstforfattarfirma i Oslo, som hjelpte dei med å skriva historia og tilpassa ho til forholda i dag.

Maskulin design

Designbyrået går gjerne nye vegar og har nytta både industri og folkekultur i produktutviklinga si, med historietekstar knytte til produkta.

Utgangspunktet for sengekledekampanjen er eventyra om korleis Adam og Eva oppdagar kjærleiken, og korleis dei same hovudpersonane oppdagar det underjordiske.

Sengekleda har ei dydig overside og ei underside med fest og moro, fortel Lunåshaug. Vi veit at det ikkje alltid er like roleg på soverommet.

Med broderiteknikk inspirert av kraftmaster og småkryp på putene har designbyrået utvikla ein maskulin tekstilproduksjon, som dei merkar gjev resultat.

– Femti prosent av kjøparane våre er menn, understrekar Lunåshaugen. I utgangspunktet var målgruppene for byrået vaksne frå 20 til 25 år og frå 40 til 45 år, men erfaringa har synt endå ei målgruppe, nemleg damer mellom førti og seksti år, og eldre.

Merke for god design

Funkle er eit ungt firma som allereie har markert seg i designbransjen i Noreg. I vår fekk dei det prestisjetunge Merke for god design, som Norsk Designråd deler ut årleg. Prisen fekk dei for sine maskuline pledd i produktserien ”The Power Collection”.

Det norske designfirmaet nyttar norske historier som grunnlag for produktutvikling, og dei har fram til nå framstilt alle produkta sine i Noreg. Men for å produsera sengekleda måtte dei utanlands.

– Det var ingen som kunne produsera sengeklede i Noreg, difor valde me ein svensk produsent i Tyrkia til produksjon av det nyleg lanserte satengsengekledet, fortel Lunåshaug.

Førre artikkelKommunar vurderer samanslåing
Neste artikkelhjartesmil

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...