Heim Nyhende Frir til kommunane

Frir til kommunane

Tidsskriftet Mål og Makt som Studentmållaget i Oslo gir ut vil no ha fleire kommunar som lesarar.

 

Redaksjonen i Mål og Makt har no sett i gang ein kampanje for at fleire kommunar skal tinge tidsskriftet.

– Nynorskommunane pliktar også å jobbe aktivt for å fremje nynorsken, å tinge Mål og Makt er ein lettvint og god måte å gjere det på, seier skriftstyremedlem i tidskriftet, Marianne Granheim Trøyflat. Ho legg ikkje skjul på at kampanjen er sett i verk først og fremst for å auke lesartalet.

– Me innser at dersom me skal ha livets rett må flest mogleg få tilgang til artiklane våre. Sjølv om primærgruppa er studentar i Oslo ynskjer me ikkje å vere eit tidsskrift berre for Oslo. Me vil at folk over heile landet skal kunne ha glede av det me les, noko som er i tråd med målrørsla sine idear om at alle deler av landet skal sjåast, også frå Oslo.

Tidsskriftet har i hovudsak målsak og kulturstrid som tema. Men i fylgje Trøyflat står også lokaldemokratiet sentralt.

– Kven som fattar viktige avgjerder i samfunnet, og kva verdigrunnlag desse kviler på er i kjernen av det me held på med. Me er eit tidsskrift som skal vere ein del av samfunnsdebatten. Me stiller spørsmål og me gir svar. Mål og makt interesserer seg for lokaldemokratiet og har blant anna hatt saker om val, bustadpolitikk og lokal språkpolitikk, slår ho fast.

Les meir om tidsskriftet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...