Heim Nyhende Kommunar får tilbod om skulehjelp

Kommunar får tilbod om skulehjelp

Kommunar med lite ressursar i skulesektoren skal få hjelp og støtte gjennom eit nytt opplegg som Kunnskapsdepartementet set i gang i haust.

– Mindre kommunar slit gjerne med at dei har små ressursar til å støtte skulane sine. Men det er ikkje nødvendig å slå saman kommunar for å gjere noko med dette. Me er no i gang med eit opplegg der me tilbyr hjelp til kommunar som treng det, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) til NTB.

I haust har 40 kommunar, dei fleste små, men også nokre større, fått tilbod om å delta i eit opplegg der dei kan få bistand frå fagfolk der dei treng det mest. Det kan vere spesielle opplegg for lesing eller støtte til matematikkundervisning. Dei utvalde kommunane får også fortrinnsrett på rektorutdanning dersom dei har rektorar som ønskjer det, og dei vil bli prioriterte når det gjeld etter- og vidareutdanning for lærarar.

– Utfordringane for dei mindre kommunane er at dei ikkje har mange tilsette i sentraladministrasjonen som har spesielle kunnskapar i pedagogikk og anna spesialkompetanse. Her gir me dei eit tilbod som kan rette opp dette slik at dei kan betre skuleresultata sine, seier Halvorsen. (NPK)

Førre artikkelKan bli lagt ned
Neste artikkelTrur på ny organisering

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...