Heim Innspel Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og høgskular som utdannar norsklærarar, må rette på dette.

Ei fersk kartlegging frå Språkrådet og Institutt for lærarutdanning ved NTNU viser at sidemålet er det fagområdet norsklærarar i grunnskulen kjenner seg minst kompetente i. For dei fleste er sidemålet nynorsk. Berre halvparten av lærarane kjenner seg rusta til å undervise i sidemål. Det er om lag det same omfanget som Språkrådet kartla i 2017. Universiteta og høgskulane må tryggje studentane til å kunne drive god, engasjerande og lystprega opplæring i og på nynorsk.

Rapporten peikar på manglande motivasjon for og kunnskap om god sidemålsundervisning hos studentane. Også lærarar som i dag står i klasserommet, må sørgje for å auke kompetansen sin, om dei kjenner seg utrygge. Det handlar om respekt for elevane, for faget og for lovene som gjeld for skulen.

Skuleeigar har òg eit ansvar. Det er kommunar og fylkeskommunar som har ansvar for at skulane kan følgje krava og ambisjonane i opplæringslova. Det gjeld sjølvsagt også sidemålsundervisninga.

Læreplanen seier at elevane alt på småtrinna skal “lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk”. Etter sjuande trinn skal elevane ha prøvd ut “skriving av tekstar på sidemål”. Når dei er ferdige med grunnskulen, skal elevane i tillegg til å lese eit breitt utval av tekstar på begge dei norske språka, “meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål”. Dette er ambisjonane styresmaktene har vedtatt for sidemålsopplæringa. Som lærar må du vere kvalifisert for å innfri.

Utrygge lærarar bidreg til at elevane blir for lite eksponerte for nynorsk i klasserommet. Skal du meistre eit språk, må du møte det i mange samanhengar. Du må både lese og skrive tekstar på nynorsk om du skal bli god i nynorsk. Det held ikkje å møte nynorsk fordi “vi må” rett før ein vurderingssituasjon i åttande klasse. Det er altfor seint.

NTNU-rapporten viser at enkelte lærarar er lite motiverte for arbeid med sidemål, og fleire spør seg om dette bør vere eit fag dei skal gje elevane karakter i. Med ei slik haldning er det ikkje rart at elevane ikkje blir motiverte heller.

Det er grunn til uro når norsklærarar seier at dei svært sjeldan les tekstar på nynorsk i klasserommet, og at dei aldri skriv nynorsk. Den tospråklege skrifttradisjonen i Noreg er eit fortrinn, ikkje eit hinder for språkopplæring. Noreg er både dialektar, bokmål og nynorsk – og dessutan fleire språk som staten har ansvar for.

Det manglar ikkje på tilbod om etterutdanning, kurs eller andre ressursar. Høgskulen på Vestlandet har til dømes eit eige emne på 15 studiepoeng om nynorsk som sidemål. Om ikkje lærarstudentar og lærarar tileignar seg den kunnskapen og kompetansen dei manglar, handlar det utelukkande om vilje. Lærarane er dei viktigaste rollemodellane elevane møter på skulen. Elevane tek med seg både haldningar og kunnskap resten av livet. Det gjeld også for nynorsken.

Peder Lofnes Hauge
leiar i Noregs Mållag

Espen Tørset
norsklektor og styremedlem i Noregs Mållag

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...