Heim Blogg Side 374

Nynorskfeil var ein glipp

0

Matteeksamen på nynorsk med 20 språkfeil skuldast at trykkeriet har fått feil oppgåvesett tilsendt, seier Utdanningsdirektoratet.

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Siv Lindstrøm, seier til Aftenbladet.no at direktoratet har gode språkvaskarar og at det rette oppgåvesettet ikkje vart sendt ut ved ein glipp.

Les heile saka på Aftenbladet.no.

20 feil i nynorsk matteeksamen

0

Lektor Trond Otto i Sola i Rogaland fann ikkje mindre enn 20 språkfeil i den nynorske utgåva av matteeksamen for 10. klasse. Blant feila er «hvor» i staden for «kor», «tall» i staden for «tal», «gutter/guttar» for «gutar» og «utenfor» for «utanfor».

– Fleire av elevane mine kunne skrive oppgåva betre enn Utdanningsdirektoratet har gjort, seier Trond Otto til Stavanger Aftenblad.

Direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet seier dette er hårreisande og eit resultat av ei dårleg haldning til språket.

Utdanningsdirektoratet  seier oppgåvene er språkvaska av eksterne fagpersonar.

Kjelde: Smp.no/NTB

Sandnes mållag får ikkje elevlister

0

Politikarane i Sandnes kommune vil ikkje gi mållaget lister over dei barna som er i skulealder i kommunen.

Oppvekstutvalet i Sandnes kommune har landa på at dei framleis ikkje vil levera elevlister til Sandnes Mållag. Mållaget tek saka vidare til fylkesmannen og sivilombodsmannen.

Les meir i Stavanger Aftenblad.

Nynorskpris til Odd Reidar Solem

0

Odd Reidar Solem i TV2 er tildelt Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar.

– Han har i fleire tiår skilt seg ut med å bruke ein levande og god nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Solem er svært oppteken av korleis vi brukar språket vårt, og er sjølv eit godt føredøme, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Det er uventa og veldig kjekt å få denne nynorskprisen, seier ein svært smålåten Odd Reidar Solem. – Det er løn for strevet med den viktigaste arbeidsreiskapen for ein journalist. Eg synst det er for lite språkrøkt i norske redaksjonar i dag, vi er meir opptekne av data og teknikk enn språkkjensle. Sjølv filar eg framleis på språket mitt, men eg er ofte misnøgd med meg sjølv, fordi direktesende omsettingar frå bokmål ikkje vert gode nok, seier Solem til NRK.

Ny leiar for Prosjekt TrivselsBygda

0

Marit Olave Riis-Johansen er tilsett som ny prosjektleiar i prosjekt TrivselsBygda. Prosjektet har som mål å auke trivselen for menneske som er busette på bygda, med spesiell fokus på innflyttarar.

– Eg ser på TrivselsBygda som eit spennande prosjekt med eit stort potensial, og gler meg til å gå i gang med arbeidet. Eg er eit utprega organisasjonsmenneske, og synest det er spesielt morosamt å drive med kursverksemd, seier Riis-Johansen, som har bakgrunn som instruktør i 4H. Ho tiltrer i stillinga den 18. august.

Riis-Johansen seier vidare at ho ser på prosjektet TrivselsBygda som ein fin sjanse til å gje ny kraft til samarbeidet mellom 4H Noreg, Bygdeungdomslaget og Bygdekvinnelaget. (©NPK)

Historisk om nynorsk

0

For første gong er nynorsk teke inn som eit eige tema i ein kommuneproposisjon. – Ros til kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa for eit nytt bidrag til å styrkje det kulturelle mangfaldet i Noreg, seier direktør for nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

– Eg kjenner ikkje til at noka regjering har teke opp språkpolitiske spørsmål i eit stortingsdokument som gjeld rammevilkåra for kommunane, held direktøren fram.

Kommuneproposisjonen 2009 vart presentert i samband med framlegg til revidert statsbudsjett i går, og nynorsken har fått eit heilt kapittel. I proposisjonen heiter det at sjølv om nynorsk og bokmål er likestilte målformer, så har nynorsk reelt sett dårlegare kår enn bokmål. «Regjeringa legg difor særleg vekt på å sikra ei god utvikling for nynorsk målbruk.»

Grepstad seier dette grepet gjer det tydeleg at også kommunane er viktige språkbrukarar og at språkpolitikk gjeld alle, ikkje berre kultursektoren.

– Det tok altfor mange år før kommunane og fylka tok til å oppfatte at dei som skuleeigarar har ansvaret for læremiddel på rett målform til elevane sine. No samarbeider kunnskaps- og kommunalministeren for å løyse saka. Berre det er jo eit framsteg i verda. 

Det at regjeringa vil vurdere å få til ei omfattande kartlegging av bruk av nynorsk i kommunane, meiner Grepstad er blant dei mest gledelege poenga i teksten.

– Det trengst, og eg reknar med at særleg LNK blir trekt inn i eit slikt arbeid. Ei slik kartlegging må særleg få fram det som skjer i dei såkalla språknøytrale kommunane. Jamt fleire kommunar har valt å vere språknøytrale på papiret, men i praksis fører dei ein nøytralitetspolitikk som svekkjer det mangfaldet regjeringa no vil styrkje.

Vil ha samisk pressekontor

0

Sametinget skal no behandle om det bør opprettast eit nytt samisk pressekontor.

Arbeidapartirepresentanten Bjarne Store-Jakobsen vil fremja ei sak for Sametinget om å oppretta eit eige pressekontor som produserer gratis nyhendestoff på lule- og sørsamisk.

Les meir hjå NRK Sámi Radio.

Nettavis lanserer papirutgåve

0

Den superlokale nettavisa innsida.no i Sunnhordland skriv truleg pressehistorie. No dukkar ho opp som papiravis.

Overgangen er mildt sagt spesiell. Ansvarleg redaktør Pål Andre Berg i Haugesunds Avis seier til si eiga avis at han aldri har høyrt om noko tilsvarande i Noreg.

Papiravisa Innsida vert distribuert gratis i postkassene til alle husstandane i Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord. Opplaget blir på 15.000 eksemplar og papiravisa vil kome ut på nynorsk ein gong i veka.

Papirutgåva ser dagens lys fem år etter at innsida.no vart etablert. Gründer Kristian Hus selde innsida.no til Haugesunds Avis like før årsskiftet. (NPK-NTB)

Elevar utan nynorske lærebøker

0

Elevane skulle få gratis skulebøker, men mange måtte vente i fleire månader på bøkene. Nokon ventar framleis på nynorskbøkene.

Regjeringa innførde ordninga med gratis skulebøker for mange elevar i vidaregåande skule sist haust, men bøkene let vente på seg. Neste skuleår kan forlaga risikere dagsbøter om dei ikkje leverer skulebøkene i tide.

Elevane ved Ål vidaregåande skole fekk skulebøkene dei skulle ha til slutt, men nynorskutgåvene manglar framleis på nokre av yrkesfaga.

– Vi måtte ta til takke med bokmålsutgjevingane, seier rektor Oddvar Skråmestø til Hallingdølen
Han seier at dei gjerne skulle hatt bøker både på nynorsk og bokmål, og beklagar at det ikkje vart slik.

– Men vi ser ikkje på dette som noko stort problem. Elevane har i alle fall lærebøker, og eg reknar med at bøkene er i rute til neste år, seier rektoren. (NPK)

«Rabatt» til nynorskelevar

0

Lektor og sensor i norsk Jan Mørkedal lurer han på om han bør gje nynorskelevane «rabatt» fordi språket deira er vanskeleg.

Les innlegget hans i Aftenposten.

Nydyrking aukar med 70 prosent

0

Dei siste fem åra har dyrking av ny jord auka med 70 prosent. I fjor vart 12.748 dekar dyrka, mot under 7.500 dekar i perioden 2001-2003.

Nydyrking gjer jordstykke eigna for planteproduksjon og maskinell tilverking. Den svært tidkrevjande prosessen omfattar fjerning av steinar, fjell og vegetasjon og grøfting, utjamning og drenering av jorda. For å få dyrke ny jord, må ein ha løyve frå kommunen.

Rogaland er fylket med mest nydyrking, med 5.705 dekar i fjor, følgt av Hedmark med 4.955 dekar, Nordland med 4.185 dekar og Nord-Trøndelag med 4.153 dekar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ordførar i Hå kommune i Rogaland, som er ein av kommunane med mest nydyrking, meiner veksten kan tolkast som optimisme og posisjonering for framtida. Men også at dette er eit teikn på at bonden må produsere meir for å halde på den same inntekta, skriv Nationen.

Minst nydyrking i 2007 var det i Telemark, der berre 305 dekar vart gjort om til dyrka mark. Like over på lista følgjer Aust-Agder med 307 dekar og Østfold med 361 dekar. (©NPK)

Tove Lie til Samlaget

0

Tove Lie (44) er tilsett som ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget.

– Styret er svært nøgd med at Tove Lie har sagt ja til å etterfølgje Nina Refseth som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Ho er ein erfaren leiar som er van med å jobbe i grenseland mellom børs og katedral, og har eit verdigrunnlag som passar svært godt i forhold til Samlaget. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med Tove Lie, seier styreleiar Siri Hatlen til forlagets eigne nettsider.

Tove Lie kjem frå Trysil og har jobba i Nationen i 12 år. Dei siste tre åra som ansvarleg redaktør og administrerande direktør.
Lie har lang og brei erfaring frå mediebransjen, mellom anna fagpresse, Klassekampen og Ny Tid. Ho har vore journalist, vaktsjef, redaksjonssjef og nyheitsredaktør. Lie har som redaktør i Nationen også blitt tildelt Nynorsk redaktørpris frå Mediemållaget.

Den nye forlagsdirektøren ser fram til nye arbeidsoppgåver.

– Samlaget har ei viktig samfunnsoppgåve, dyktige medarbeidarar og gode forfattarar, som alle brenn for gode bøker. Eg gleder meg til å jobbe i lag med dei alle saman. Eg har fått ein spennande og utfordrande jobb som eg ser fram til å ta fatt på, seier Tove Lie.