Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen.
– Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering og det gjer at fleire blir buande i den kommunen dei først blei busett i.
Men det er eit stort behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrar. Det viser ei undersøking Nynorskkommunane har gjort blant dei 85 medlemskommunane våre.
Nedprioritert
Mangelen på læremiddel på nynorsk er den viktigaste grunnen til at berre under halvparten av nynorskkommunane i landet gjev opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar.
Me har ein offisiell norsk språkpolitikk og ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområde. På dette feltet har nynorsk vore nedprioritert over lang tid.
I mange kommunar lærer vaksne innvandrarar bokmål i vaksenopplæringa, medan ungane deira lærer nynorsk på skulen. Det kan gjera språklæringa vanskelegare for både barn og vaksne.
Fleire i jobb – og fleire blir buande
Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket blir meir positivt mottatt både i lokalmiljøet og for eksempel i jobbintervju.
Tal frå SSB viser at det er fleire innvandrarar som har fått seg jobb eller tok utdanning eitt år etter fullført introduksjonsprogram i dei kommunane som underviser på nynorsk samanlikna med dei som underviste på bokmål. Fleire blir òg buande i kommunane som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa.
Det skjer mange endringar på feltet med både nye læreplanar og overgang til modulbasert opplæring. Det gjer det endå viktigare at det vert blir utvikla nye læremiddel på nynorsk.
Me bed difor om at det vert løyvt 4,5 millionar til dette føremålet på kap 672 post 60.
Pilotprosjekt
Me ber òg om støtte til eit nytt pilotprosjekt som har som mål å utvikla ein modell for dialektbruk og nynorsk som skriftspråk i vaksenopplæringa. Me vil gjera dette i samarbeid med vaksenopplæringane i Gol og Ål.
Me bed om 1,4 millonar til dette formålet på kap. 671 post 73 til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Språkdelte klassar
I opplæringslova er retten til eigne nynorsk- og bokmålsklassar utvida til ungdomstrinnet.
Men finansieringa er fordelt flatt på alle kommunane. Det gjer at dei kring 36 kommunane som har kostnader til dette berre får dekkja ein brøkdel av kostnadene – og Oslo kommune får 11 millionar utan ein einaste nynorskklasse. Me ber om at komiteen ser på dette og sørgjer for at dei kommunane som har kostnader til språkdeling får desse kostnadene dekkte.
I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt nynorsktiltak.
– Når staten no held fram storsatsinga på lesing, må dei også ta språkpolitiske omsyn. Utan å øyremerke midlar til nynorsktiltak kan ein risikere at dei store løyvingane til lesetiltak berre bidreg til endå meir lesing på bokmål, åtvarar Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Det offentlege har etter språklova eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, men når ein ikkje stiller språkkrav, går store statlege løyvingar i realiteten til å fremje bokmål, stikk i strid med den gjeldande språkpolitikken, held Hauge fram.
– Både dei elevane som har nynorsk som hovudmål, og dei som lærer det som sidemål, treng å lese meir nynorsk. Då må det satsast meir på nynorsk, og midlane må følgje med, slår Peder Lofnes Hauge fast.
– Det må vere eit overordna prinsipp at statlege midlar bidreg til eit tilbod på både nynorsk og bokmål. Utan øyremerking risikerer me at pengane først og fremst gjer det gode tilbodet på bokmål endå betre, og gjer gapet i tilbodet mellom bokmål og nynorsk større.
Regjeringa må difor øyremerke midlar til nynorsk i leseløftet, slik at satsinga vert eit leseløft for heile Noreg – ikkje ein ny flaum av bokmål til nynorskelevar.
«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane.
Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet sitt at somme har trudd at kommunen allereie har vunne prisen «Årets nynorskkommune». Det har dei ikkje, men kjennskapen til det solide arbeidet rekk langt utanfor kommunegrensene.
Juryen trekkjer fram at dei tilsette brukar nynorsk i alle kommunale tenester, og at innbyggjarane møter nynorsken gjennom heile livsløpet.
Dette året har juryen lagt spesielt stor vekt på arbeidet med lesing og litteratur. I grunngjevinga skriv dei at Volda gjer ein stor innsats for nynorsk litteratur, og dei satsar langsiktig. Til dømes har ungdomsskulen hatt prosjektet «Nynorsk leseperiode» gåande i snart tjue år. I kommunen er det godt samarbeid med skulebibliotek, folkebibliotek, litteraturhus, Nynorsksenteret og andre for å fremja leseglede og interesse for bøker.
Kultur- og likestillingsministeren Lubna Jaffery kåra vinnaren av årets nynorskkommune.
– Å verne om det nynorske språket er ei av dei viktigaste språkpolitiske utfordringane vi har. Det går ikkje av seg sjølv, det trengst målretta og langsiktig innsats. Og her er nynorskkommunane heilt avgjerande. Dei gjer det betre og enklare å vera nynorskbrukar, og tek vare på og utviklar nynorsken. Gratulerer så mykje til Volda kommune som er årets nynorskkommune!
Seriøs og stolt
Juryleiar og avdelingsdirektør i Språkrådet, Marianne Aasgaard, seier at Volda er ein solid nynorskkommune.
– Vi ser at nynorsken er heilt innarbeidd i både kommuneadministrasjonen, næringslivet, opplæringa og kulturlivet i Volda. Nominasjonsteksten synte oss at kommunen arbeider seriøst og langsiktig, og at dei tilsette er stolte over innsatsen dei gjer.
Volda hadde konkurranse frå fleire sterke nynorskkommunar, og også Øygarden får heiderleg omtale av juryen.
– Øygarden kommune brukar tid og ressursar på å styrke nynorsken, og dei strekkjer seg lenger enn det ein kan forvente av ein kommune, seier Aasgaard.
Utdeling i Oslo
Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som kårar vinnaren av årets nynorskkommune, og i år vart prisen delt ut i Oslo den 13. oktober.
Prisen er på 200 000 kroner og blir delt ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
Grunngjevinga frå juryen:
Årets nynorskkommune 2026
Vinnaren av årets nynorskkommune overraska folk i juryen og andre som fekk vita om det på førehand: «Har ikkje dei vunne før?»
Det har dei ikkje, men kjennskapen til det solide arbeidet kommunen har gjort for og på nynorsk gjennom mange år har kanskje gjort at ein har rekna med at dei alt hadde motteke denne kåringa frå før.
Kommunen skriv at dei ikkje berre vil syta for at borna møter nynorsken i barnehage og skule, men at nynorsken skal fylgja med tenestene frå kommunen gjennom heile livsløpet – nynorsk frå krybbe til grav, med andre ord.
Årets prisvinnar arbeider aktivt med at næringslivet skal nytta nynorsk, til dømes gjennom eit næringsforum som mellom anna rettleier verksemder som tykkjer det er utfordrande å nytta nynorsk. Næringsforumet har vore ein pådrivar for ei nynorskorganisering i heile regionen.
Juryen for årets pris ville leggja særleg vekt på lesing og litteratur på nynorsk. Ein kan vel seia at nærare utgangspunktet for nynorsk litteratur er det vanskeleg å koma. Dei fyrste tankane om eit nynorsk skriftspråk kom kanskje ved ei boksamling i denne kommunen. Og nokre av dei fyrste tekstane på dette språket vart prenta her.
Kommunen har såleis mykje å slekta på, og gjer ein stor innsats for nynorsk litteratur, med ei langsiktig satsing. Til dømes har ungdomsskulen hatt prosjektet «Nynorsk leseperiode» i snart tjue år, der elevane får tilgang til eit breitt utval nynorske bøker med eit pedagogisk opplegg over fleire veker. Det er samarbeid med skulebibliotek, folkebibliotek, litteraturhus, Nynorsksenteret og andre for å fremja leseglede og interesse for bøker.
Det vil føra for langt å nemna opp alle gode tiltak og alt prisverdig arbeid – men det som pregar nominasjonsteksten frå vinnarkommunen er seriøsitet og stoltheit. Arbeidet med nynorsk språk og kulturarv er del av den kvardagslege drifta av kommunen, med eit medvit om dei lange tradisjonane nynorsken og målreisinga har i Volda.
Volda kommune får prisen «Årets nynorskkommune» – til lukke!
Årets nynorskkommune – heiderleg omtale
Det var fleire gode nominasjonar i år, og ein annan kommune vi ynskjer å gje heiderleg omtale er Øygarden. Øygarden kommune gjer tiltak som strekk seg utanom den vanlege drifta av ein nynorskkommune, og som krev tid og ressursar, men som er med på å styrkja nynorsken.¨
Juryen vil særleg trekkja fram dei digitale verktøya Øygarden har utvikla. «Meir enn bokstavar» er eit kurs i nynorsk for kommunalt tilsette, og Copilot-agenten Ordsmed-Ivar som hjelper dei tilsette med å skriva betre nynorsk.
Prosjektet «Språkkommunen Øygarden» viser korleis ein kan gjera språkarbeidet til ein del satsingane for barnehage og skule.
Og så vonar vi å få ein invitasjon til nynorskfestivalen Øygarden skal halda i 2027!
I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner.
– At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn nynorsk er berre ufatteleg, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er løyvinga til Noregs Mållag føreslått kutta med 775 000 kroner. Mållagsleiaren er sjokkert, og kallar kuttet oppsiktsvekkjande.
– Vi har svært mykje ugjort på vegner av nynorsken. Noregs Mållag arbeider med store utfordringar for nynorsken knytt til mellom anna den digitale kvardagen og for nynorskelevane i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.
I statsbudsjettforliket for eitt år sidan gjekk Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG inn med ein heilt naudsynt million ekstra til Noregs Mållag. Medrekna reguleringa for prisvekst, er heile millionen no stroken.
– Her kastar regjeringa blår i auga på Mållaget, norsk språkpolitikk og nynorskbrukarane, men også på sitt eige parlamentariske grunnlag. No må budsjettpartnarane kjempe dette inn igjen. Det er ein frykteleg usympatisk måte å styre landet på, seier mållagsleiaren.
Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket som arbeider for nynorsk i næringslivet.
Nynorsk bedriftsforum samlar erfaringar og kunnskap om nynorsk næringsliv og er talerøyr for nynorskbedriftene overfor styresmakter og leverandørar. Utan støtte står dette arbeidet i fare for å stoppe opp.
– Erfaringane våre viser kvar barrierane finst og kva som må endrast for å sikre like konkurransevilkår og reelt språkleg likeverd. Ingen andre har i dag som oppgåve å samle og dele denne kunnskapen nasjonalt, seier Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum i ei pressemelding.
Nynorsk bedriftsforum søkte om 2 millionar kroner i fast driftstilskot for 2027. Etter at organisasjonen fekk 950 000 kroner i spelemidlar for 2025, har organisasjonen stått utan offentleg støtte.
Medlemsbedriftene melder om barrierar på ei rekke område, mellom anna i programvare, digitale tenester, søkeløysingar og kunstig intelligens. Nynorsk bedriftsforum ser også jamleg at offentlege sjølvbeteningsløysingar, skjema og digitalt innhald manglar nynorsk, sjølv om næringslivet er avhengig av desse løysingane i den daglege drifta.
– Formell likestilling er ikkje nok dersom vilkåra i praksis er ulike. Dersom språkvalet gir dårlegare løysingar, færre valmoglegheiter og høgare kostnader, blir konkurransevilkåra skeive. Nynorskbedriftene skaper arbeidsplassar, verdiar og inntekter til fellesskapet og må ha like gode vilkår som andre bedrifter, seier Waagan.
Nynorsk bedriftsforum meiner språkpolitikken må omfatte heile samfunnet, også privat sektor.
– Næringslivet er ei av dei viktigaste språkarenaene vi har. Dersom ingen samlar og løftar fram erfaringane frå nynorskbedriftene, risikerer vi at denne delen av språkpolitikken blir usynleg. Det vil svekke arbeidet for reelt språkleg likeverd, seier Waagan.
No utfordrar Nynorsk bedriftsforum politikarane på Stortinget til å rette opp budsjettframlegget og sikre 2 millionar kroner i fast driftstilskot.
– Nynorskbedriftene tek ansvar for språket kvar dag. No må staten sikre rammene som gjer det mogleg å halde fram, seier Waagan.
Nynorskkommunane – LNK er blant stiftarane av Nynorsk bedriftsforum.
Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk av nynorsk i din kommune.
Dato og tid: Torsdag 8. oktober klokka 11.30 og 19.30 Målgruppe: Kommunestyrepolitikarar, kandidatar til neste år, aktive partimedlemer og lokallag i Mållaget
Nynorsk i opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, politisk rådgjevar i Noregs Mållag
– Born og unge sine språkrettar
– Språk i barnehage og skule
– Nynorsk i vaksenopplæringa
Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen og sakshandsamarar
– Språkbruksplan
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på
Gjeremålsliste for nynorske folkevalde
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
– Oppvekstmelding (kjem i kommunestyret kvart år)
– Be om rapportering om nynorsk og tiltak for nynorsk
– Folkebibliotek og kulturpolitikk
– Lage gode valprogram for nynorsken til neste år
Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å sikra nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innanfor alle delar av det offentlege. Stimulering av lesing på nynorsk er ein svært viktig føresetnad for det.
Me vil oppsummera innspela våre slik:
Føresetnadene for å læra å lesa nynorsk er annleis enn å læra å lesa bokmål. Barn blir bada i bokmål, og har trong for å lesa meir nynorsk for å bli gode nynorsklesarar.
For å styrka leseopplæring og leselyst på nynorsk – er det trong for medvite og systematisk arbeid i barnehagar, skular og kommunar.
Tilrådingar om god leseopplæring og tiltak for å løfta lesedugleikane til barn må inkludera eigne råd om korleis ein kan styrka lesing på nynorsk.
Det er behov for meir målretta støtteordningar for å få utgjeve fleire nynorske bøker for barn og unge, og særleg er det behov for meir serielitteratur, teikneseriar og omsette bøker på nynorsk.
Det er òg viktig å støtta opp om formidling av nynorske bøker.
Eigen karakter i sidemål er viktig for å sikra nynorsk som nasjonalt skriftspråk og lesing på nynorsk.
Føresetnadene for å læra å lesa nynorsk er annleis
Ifølgje språklova har alle offentlege organ eit ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Omfanget av nynorsk tekst i bøker, nett, media og samfunnet elles er mykje mindre enn det som finst på bokmål. Berre kring 4-6 prosent av alle barne- og ungdomsbøker som kjem ut i Noreg, kjem ut på nynorsk. Og under 2 prosent av den omsette barne- og ungdomslitteraturen kjem på nynorsk, ifølgje tal frå Norsk barnebokinstitutt.
Når tilgangen til litteratur på nynorsk er så pass mykje mindre enn tilgangen til bokmålsbøker, så er det avgjerande at skular, barnehagar, bibliotek, kommunar og statlege styresmakter arbeider medvite og systematisk for å styrka leseopplæring og leselyst på nynorsk.
I barnehagane i nynorskkommunar blir det lese meir på bokmål enn nynorsk, ifølgje fleire spørjegranskingar av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Pirion. Det er svært ulik praksis i kva grad barnehagebarn og elevar blir eksponerte for nynorsk. Når barnehagestyrarane blir spurt om kva som skal til for å få meir nynorsk, så er svaret klart: fleire bøker og meir medvit.
Det er svært ulikt nynorsktilbod i skulen og bibliotek. Nokre kommunar har gode og konkrete planar for bruk av nynorsk i barnehage og skule, medan andre lar dette vera mykje opp til dei tilsette.
Råd om korleis ein kan styrka lesing på nynorsk
Systematisk arbeid i barnehagar, skular, bibliotek og kommunar: For å fremja lesekompetanse og leselyst på nynorsk, er det viktig å gje tilgang til aktuelle og gode bøker på nynorsk, og arbeida systematisk med lesing på nynorsk.
Blant anna er det viktig at:
Alle barnehagane i kommunen skal ha eit godt utval av nynorsk litteratur.
Det er ein skulebibliotekplan for grunnskulane i tillegg til språkplanar for barnehagane og grunnskulane som har som mål å gjera barn, unge og vaksne til trygge og medvitne nynorskbrukarar, gjennom gode nynorske språkmiljø.
Planen for overgang mellom barnehage og skule og samarbeid med foreldra skal sikra at barn i barnehagen får ta del i aktivitetar der dei får oppleva nynorske tekstar, til dømes gjennom høgtlesing, songar, rim og regler.
Kommunen skal styrka formidlinga av nynorsk litteratur i folke- og skulebibliotek.
Bøker på nynorsk blir prioriterte ved innkjøp og skal sikrast lengre levetid i biblioteket.
Kommunen skal støtta opp om litteraturfestivalar og arrangement på nynorsk.
Kommunen skal spørja etter og prioritera nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.
Døme:
Private og kommunalt eigde barnehagar i Ørsta kommune har saman laga ein lokal rammeplan som seier at alle barn i Ørsta skal lesast for på nynorsk kvar dag.
Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og Noregs Mållag har laga eit idéhefte om nynorskformidling i folkebibliotek og skulebibliotek.
Nynorskkommunane – LNK har laga ein mal for ein kommunal språkbruksplan. Under halvparten av nynorskkommunane har vedtatt ein slik plan, og fleire av planane er gamle. Fleire kan med fordel utarbeida ein slik plan og bruka den som eit verktøy for systematisk og godt arbeid med lesing og språk.
Meir nynorsk og nynorskdidaktikk i lærarutdanningane og etter- og vidareutdanning for lærarar: Lærarutdanningane må gjera studentane medvitne på at føresetnadene for å læra å lesa nynorsk er annleis, og gjera studentane budde på kva som skal til for å gje god leseopplæring og leselyst på nynorsk – anten dei skal undervisa elevane som har det som hovudmål eller sidemål. Studentane må ha lese og ha eit godt oversyn over nynorske barne- og ungdomsbøker og vita korleis ein kan finna god litteratur på nynorsk som passar for elevane deira.
Meir støtte til formidling av nynorske bøker
Det er òg viktig å støtta opp om formidling av nynorske bøker, og støtteordningane til Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet bør styrkast og nynorsktiltak må prioriterast i tildelingane.
Tid for ti-aksjonen til Stiftelsen Lese og Nynorsksenteret er eit viktig tiltak som når mange elevar med ein antologi med tekstar frå nynorsk bøker for 7.-8. trinn. Stiftinga Magasinett, Framtida.no, Framtidajunior.no, Lesedigg.no og Noregs Mållag har fleire gode prosjekt for å formidla nynorsk litteratur. Nynorsksenteret er òg viktig for å formidla barne- og ungdomslitteratur gjennom Nynorskbok.no.
Talet på nynorske litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken er lågt. Kulturtanken har tidlegare gjeve støtte til utvikling av fleire nynorske DKS-produksjonar, og det er stor interesse for å få denne støtta tilbake.
Målretta støtteordningar for fleire nynorske bøker
Det er behov for meir målretta støtteordningar for å få utgjeve fleire nynorske bøker for barn og unge, og særleg er det behov for meir lettlesne bøker, sakprosa, serielitteratur, teikneseriar og omsette bøker på nynorsk. Dette er populære sjangrar som motiverer til lesing, gjer det lettare å finna bøker som interesserer og bidrar til naudsynt mengdetrening.
Ei innkjøpsordning for nynorsk barnelitteratur til skulebiblioteka innanfor desse sjangrane vil vera eit svært målretta tiltak. Både Kulturmeldinga og språklova viser til at særskilte tiltak er naudsynte for å sikra nynorsken.
Ei innkjøpsordning til skulebiblioteket til dei kring 550 skulane med nynorsk som opplæringsmål vil vera eit svært målretta tiltak for å styrka leselyst og leseopplæring på nynorsk.
Eigen karakter i sidemål
Noreg er eit tospråkleg land med to likestilte skriftspråk – nynorsk og bokmål. Dette språklege mangfaldet er ein sentral del av vår kultur og historie. For å sikra reell språkleg likestilling og gi alle elevar fridomen til å velja kva skriftspråk dei vil bruka, har Noreg obligatorisk sidemålsopplæring med karakter i skulen. Sidemålsordninga har vore ryggrada i norsk språkpolitikk sidan ho vart vedteken av Stortinget i 1907.
Opplæring i sidemål styrkjer ikkje berre sidemålet, men også hovudmålet. Arbeidet med begge skriftspråka gir elevane betre språkforståing, eit større ordtilfang og styrker leseopplæringa. Karakteren sikrar at sidemålsopplæring blir prioritert. Det gjer at opplæringa meir strukturert, og elevane får betre tilbakemelding på utviklinga si. Dette sikrar eit høgare læringsutbyte og oppmuntrar elevane til å gjera ein innsats.
Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland.
– Me ønskjer å bidra til å styrka språkarbeidet i kommunane. Me veit at det er travle tider i kommunane, og for at det skal vera lettare å setja av tid til kompetanseheving, vil me no tilby fleire fleksible og kortare kurs, i tråd med ønske frå fleire av medlemmane våre, seier dagleg leiar i Nynorskkommunane, Svein Olav B. Langåker.
Tusenvis av norske saksbehandlarar har gjennomført ulike variantar av todagarskurset På saklista sidan 1990-talet. No tilbyr Nynorskkommunane også både kortare kurs på 1-3 timar og dagskurs.
Kraftige verktøy krev kunnskap og medvit
– Å skriva med hjelp av kunstig intelligens opnar mange nye dører – og fallgruver. Dette er eit felt der utviklinga går svært fort, og på dette dagskurset lærer du å bruka Copilot, ChatGPT og liknande verktøy til å skriva klarare og betre nynorsk — utan å gje frå deg kontrollen over teksten, fortel kursansvarleg Jostein Avdem Fretland.
Språklova slår fast at alle offentlege organ skal kommunisera på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. Ifølgje ei undersøking av Menon Economics på oppdrag frå KS, kan kommunane spara store summar med godt klarspråkarbeid. Tida ein kommune investerer i klarspråkarbeid kan gi ein gevinst på mellom 30 og 300 prosent.
Mange av språkkursa til Nynorskkommunane tar for seg klarspråk og gjev både leiarar og sakshandsamarar nyttige og gode råd for slikt arbeid.
– Me kan laga skreddarsydde kurs for ei avdeling, til dømes byggesakavdelinga, og kursa avdelinga i korleis dei gjer fagspråket enklare å lesa for vanlege folk, utan at det blir mindre korrekt – og korleis de forenklar skjema og malar, slik at kommunikasjonen når flest mogleg, fortel Jostein Avdem Fretland.
Støttar språkløft i kommunane
Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane får difor tilbod om årlege subsidierte språkkurs, som blir administrerte og gjennomførte av av Fretland & Fretland AS i Lærdal. Alle medlemskommunar får sponsa 75 prosent av kurskostnaden.
– Ein vanleg kursdag varer i seks timar, med pausar. Dei kortare kursa er på 1–3 timar, alt etter kva de treng. Innhaldet blir tilpassa lengda. fortel kursansvarleg Jostein Avdem Fretland.
Det faglege innhaldet i kursa byggjer på boka På saklista. Klart språk i det offentlege av Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland (Fagbokforlaget, 2025).
Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i vaksenopplæringa.
– Den viktigaste beskjeden me hadde med oss er at nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gjev betre integrering i nynorskkommunane, og det gjer at fleire blir buande i den kommunen dei først blei busett i, fortel dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker
Under halvparten av nynorskkommunane tilbyr i dag undervising i nynorsk for vaksne innvandrarar. Det er gode grunnar til at fleire bør tilby undervising på nynorsk.
Fleire i jobb og fleire blir buande
I dei kommunane som tilbyr undervising på nynorsk er det fleire i jobb eller utdanning eitt år etter introduksjonsprogrammet for innvandrarar (67 %), samanlikna med dei som har fått undervising på bokmål (61 %). Tala frå 2024 frå SSB har berre tal frå rundt halvparten av kommunane, men også tidlegare år har det vore ein større grad av sysselsetjing i dei kommunane som gav undervising på nynorsk.
– Uavhengig av kor stor del av forskjellen som kan forklarast av sjølve språkopplæringa, viser tala at kommunar som underviser på nynorsk oppnår minst like gode, og ofte betre, resultat når det gjeld arbeid og utdanning, understrekar Langåker.
LNK har òg gjort eigne undersøkingar, og den viser at i nynorskkommunane som underviser på nynorsk er det fleire av innvandrarane som blir buande (67 %), samanlikna med dei nynorskkommunane som underviser på bokmål (55 %).
Treng fleire læremiddel og læringsressursar
I ei undersøking LNK sende ut til rektorane i vaksenopplæringane i 2021, så er mangel på læremiddel den viktigaste grunnane til at dei vel å halda på bokmål.
– Nokre vaksenopplæringar seier òg at flyktningane uansett kjem til å flytta frå kommunen til ein bokmålskommune seinare, så då kan ein like godt tilby bokmål. Men samstundes veit me at distriktskommunar er avhengige at fleire hender, og regjeringa ønskjer at fleire av flyktningane blir buande i kommunane rundt i landet. Då er det er viktig at regjeringa følgjer opp med å støtta fleire læremiddel og læringsressursar på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker i LNK.
Det er ikkje løyvd pengar gjennom statsbudsjettet på 11 år til dette. Men etter at LNK og nynorskorganisasjonane tilslutta Nynorsk Forum i fleire år har tatt opp dette i høyringar på Stortinget og i fleire møte, gav Arbeids- og inkluderingsdepartementet i fjor beskjed i oppdragsbrevet til HK Dir om å omsetja eller oppdatera læremiddel på nynorsk.
HK Dir prioriterte 1,5 millionar i ei søknadsbasert tilskotsordning, og fekk søknader på det tredobla. Det viser at også forlaga sit på mykje som kan omsetjast til nynorsk. I tillegg er det bruk for nyproduserte ressursar på nynorsk.
Nynorsk forum ber no departementet om:
4,5 millionar kroner til omsetjing av læremiddel og læringsressursar på nynorsk.
1,4 millionar kroner til Nynorskkommunane – LNK til forsøk med å styrka nynorsk og dialekt og vaksenopplæringa.
Fleire kommunar seier òg at dei ønskjer ei støtteordning for kommunar som vil byta til nynorsk i vaksenopplæringane. Det kostar å byta ut alle lærebøker med nynorske lærebøker.
– For ei regjering som jobbar med å få fleire i arbeid og inkludert i samfunnet i heile Noreg, så burde det vera ei god investering styrka opplæringa i nynorsk i vaksenopplæringa, avsluttar Svein Olav B. Langåker.
Fordelar med å få opplæring i nynorsk når ein bur i ein nynorskkommune:
Det er ein stor fordel at foreldre og barn lærer same skriftspråk. Når foreldre lærer nynorsk og barna går i nynorskskule, kan familien støtta kvarandre i språklæringa. Dersom vaksenopplæringa brukar bokmål medan barna lærer nynorsk, blir det vanskelegare å hjelpe kvarandre med lesing, skriving og skulearbeid.
Nynorsk er meir lik lokale dialektar, og gjer det lettare å læra å snakka med andre i lokalsamfunnet. Snakkar ein meir nær lokal dialekt, så blir ein oppfatta som meir integrert. Erfaringane frå nynorskkommunar som bruker nynorsk i vaksenopplæringa, viser at deltakarane opplever betre samanheng mellom språket dei lærer og språket dei møter i kvardagen.
For mange kommunar er det innvandrarane som bidrar til å oppretthalda folketalet. Då er det viktig at dei lærer det lokale skriftspråket.
For nynorsken som språk, så er det svært viktig at også innvandrarane lærer seg nynorsk. Viss innvandrarane berre lærer bokmål, så kan det setja nynorsken under press i kommunane. Det kan òg svekka integreringa dersom dei minoritetsspråklege elevane samlar seg i bokmålsklassar.
Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege sterkt subsidierte språkkurs, som blir administrerte og gjennomførte av av Fretland & Fretland AS i Lærdal.
Me tilbyr no både kortare kurs på 1-3 timar, dagskurs og todagarskurs. Alle medlemskommunar får sponsa 75 prosent av kurskostnaden.
Ein vanleg kursdag varer i seks timar, med pausar. Dei kortare kursa er på 1–3 timar, alt etter kva de treng. Innhaldet blir tilpassa lengda. Det faglege innhaldet i kursa byggjer på boka På saklista. Klart språk i det offentlege av Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland (Fagbokforlaget, 2025).
Kontakt kursansvarleg Jostein Avdem Fretland på jostein@fretland-fretland.no for å få meir informasjon og bestilla kurs.
Todagarskurs
På saklista
Standardkurset vårt for offentleg tilsette tek grundig føre seg både klarspråk og nynorsk rettskriving. Tusenvis av norske saksbehandlarar har gjennomført ulike variantar av dette todagarskurset sidan 1990-talet.
Før kurset sender kvar deltakar inn ein prøvetekst, som hjelper kurshaldaren å skreddarsy innhaldet til gruppa.
Du lærer om:
korleis du kan skriva så folk forstår deg
vanlege skrivefeil i nynorsk
korleis språklova krev at du skriv til dagleg
(u)vanane som gjer språket vårt unødvendig tungt
dei ulike digitale hjelpemidla for å skriva rett og godt
Målgruppe: Alle offentleg tilsette som skriv mykje på jobb, særleg leiarar og saksbehandlarar.
To valfrie kursmodular
Her kan de setja saman to ulike dagskurs til eit opplegg som er perfekt tilpassa det de treng. Somme deltakarar kan delta begge dagane, andre berre på den eine. Passar godt dersom de har ulike tilsette som har svært ulike språklege behov.
Døme på aktuelle kombinasjonar:
Klarspråk for leiarar + malverkstad
Klarspråk for leiarar + nynorsk starthjelp
Klarspråk – fagspesifikt + klarspråk med KI
Nynorsk starthjelp + klarspråk med KI
Klarspråkkurs for leiarane i Vinje kommune. Foto: Kari Omdal Tveito
Dagskurs
Klarspråk for leiarar
Her er klarspråkdelen av På saklista-kurset kondensert til éin kursdag, slik at flest mogleg av leiarane i ein organisasjon kan prioritera å få med seg kurset. Svært nyttig når de ynskjer å lyfta språkarbeidet breitt, men slit med å få leiarar til å setja av to heile dagar. I tillegg til det reint språklege innhaldet går me òg gjennom korleis de best sikrar at satsinga på klarspråk set spor etter seg i det daglege arbeidet.
Du lærer om:
kva klarspråk er, og kvifor det løner seg for organisasjonen din
korleis du kan skriva så folk forstår deg
(u)vanane som gjer språket vårt tungt
ansvaret språklova legg på offentlege organ, og korleis du fylgjer det opp
korleis du best organiserer språkarbeidet i det daglege dei ulike digitale hjelpemidla for å skriva rett og godt
Målgruppe: Leiarar på ulike nivå, i tillegg til dei som har særskilt ansvar for det interne språkarbeidet.
Klarspråk med KI
Å skriva med hjelp av kunstig intelligens (KI) opnar mange nye dører – og fallgruver. Dette er eit felt der utviklinga går svært fort, og på dette dagskurset lærer du å bruka Copilot, ChatGPT og liknande verktøy til å skriva klarare og betre nynorsk — utan å gje frå deg kontrollen over teksten.
Du lærer om:
korleis du kan bruka KI på dine eigne jobbtekstar
kva KI kan og ikkje kan hjelpa deg med i skrivingaskilnaden på dei ulike KI-typane og -modellane
regelverket som gjeld for å bruka KI i offentleg sektor
tryggleik og rutinar, for å unngå alvorlege (og pinlege) feil
leietekstar – prinsipp og praktiske døme for korleis ein pratar med ein KI
Målgruppe: Alle som brukar, eller skal begynna å bruka, KI til å skriva på jobb.
Nynorsk starthjelp
Eit dagskurs for deg som har lite erfaring med å skriva nynorsk og difor treng meir grunnleggjande trening enn dei andre kursa gjev. Kurset tek på alvor at du må fungera på jobb allereie i morgon, samstundes som du skal forbetra nynorsken din over tid.
Du lærer om:
korleis du kan produsera rett og god nynorsk tekst allereie i dag
dei vanlegaste skrivefeila, og enkle måtar å unngå dei på
kva plikter og rettar du har etter språklova
hjelpemidla og rutinane som gjer kvardagen lettare
korleis du balanserer den travle arbeidskvardagen med behovet for å auka språkkompetansen
Målgruppe: Tilsette som har skrive mest bokmål før; tilsette med framandspråkleg bakgrunn.
Klarspråk – fagspesifikt
Ein dag med intenst fokus på dei språklege utfordringane på eit spesifikt fagfelt. Her kan heile avdelinga få eit felles løft, anten det er byggjesak, tildeling, oppvekst eller andre. Me tilpassar kursinnhaldet til akkurat dykk og løyser konkrete spørsmål og problem frå dykkar kvardag.
Før kurset går kurshaldaren gjennom tilsende tekstar frå avdelinga, slik at me kan skreddarsy innhaldet til gruppa.
Du lærer om:
korleis de gjer fagspråket enklare å lesa for vanlege folk, utan at det blir mindre korrekt
korleis de forenklar skjema og malar, slik at kommunikasjonen når flest mogleg
korleis språklova regulerer språket på avdelinga dykkar
dei språklege hjelpemidla som finst på dykkar fagfelt
Målgruppe: Leiarar og andre tilsette frå eitt spesifikt fagfelt i organisasjonen.
Jostein Avdem Fretland har hatt fleire kurs for Vinje kommune det siste året. Foto: Kari Omdal Tveito
Malverkstad
Her går me gjennom og forbetrar eit utval av organisasjonen sine brevmalar og skjema. Dette er ein populær kurstype, der kurshaldaren vekslar mellom å undervisa og å arbeida i lag med dei ulike faggruppene. Målet er at flest mogleg av dei nye malane er godkjende og sette i verk når me går for dagen!
Før kurset går kurshaldaren gjennom ein del eksisterande malar frå organisasjonen, slik at innhaldet blir skreddarsydd og alle kan koma fort i gang med arbeidet.
Du lærer om:
korleis de forenklar skjema og malar, slik at kommunikasjonen når flest mogleg
korleis de tilpassar språk og utforming til ulike målgrupper
å finna balansen mellom klarspråk og sakssystemet og arkivet sine behov
kva KI kan og ikkje kan hjelpa dykk med i malarbeidet
Målgruppe: Dei som eig og brukar malane i organisasjonen, særleg leiarar og saksbehandlarar.
Kortare kurs (1–3 timar)
Desse kursa er i utgangspunktet digitale, med mindre anna er avtala.
Språklova og klarspråk
Kjernen i På saklista-kurset, komprimert til eit innslag på til dømes ei personalsamling. Du får den grunnleggjande kunnskapen om klarspråk og språklova, og prøver det ut på ei praktisk oppgåve.
Du lærer om:
korleis språklova krev at du skriv til dagleg
dei viktigaste klarspråkprinsippa
dei ulike digitale hjelpemidla for å skriva rett og godt
Målgruppe: Alle offentleg tilsette som skriv mykje på jobb.
Klarspråk med KI (kort)
Ein kortversjon av dagskurset, når de vil ha eit felles utgangspunkt for å bruka KI i skrivearbeidet.
Du lærer om:
korleis du kan bruka KI på dine eigne jobbtekstar
kva KI kan og ikkje kan hjelpa deg med i skrivinga
regelverket som gjeld for å bruka KI i offentleg sektor
tryggleik og rutinar, for å unngå alvorlege (og pinlege) feil
Målgruppe: Alle som brukar, eller skal begynna å bruka, KI til å skriva på jobb.
Klarspråk – fagspesifikt (kort)
Ein kortversjon av dagskurset. Me held fokus på tekstane dykkar, og korleis de kan gjera dei endå betre.
Før kurset går kurshaldaren gjennom tilsende tekstar frå avdelinga, slik at me kan skreddarsy innhaldet til gruppa.
Du lærer om:
korleis de gjer fagspråket enklare å lesa for vanlege folk, utan at det blir mindre korrekt
korleis språklova regulerer språket på avdelinga dykkar
dei språklege hjelpemidla som finst på dykkar fagfelt
Målgruppe: Leiarar og andre tilsette frå eitt spesifikt fagfelt i organisasjonen.
Vil de tinga eit kurs?
For å tinga kurs, ta kontakt med jostein(a)fretland-fretland.no.
Medlemskommunar har rett på eitt todagarskurs i året, eller to dagskurs eller kortare kurs. LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Eigendelen for kommunane er 9101 kroner for todagarskurs, 4875 kroner for dagskurs, og 1875 kroner for kortare kurs – i tillegg til reisekostnader og bøker.
Kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar har rett på to kurs i året der LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Ikkje-betalande medlemer har rett til å vera med på kursa til betalande medlemer, dersom det er ledig plass. Reisekostnader for kurshaldarane dekkjer kommunen sjølv.
Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?
Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og Nynorskkommunane – LNK som arrangerer seminaret. Tanken er at dette kan vere det første nettseminaret i noko som kan bli fleire seminar og eit fungerande nettverk.
PROGRAM:
Velkommen og leiing ved Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret
Innleiing: (til saman 15 minutt)
Yuliia Danilenkova (elevperspektivet)
Hazar Kabil (forelderperspektivet)
Ingvald Skårland frå bedrifta Alt i gjerde (arbeidsgjevar/tilsette-perspektivet)
Innlegg:
Kvifor nynorsk i vaksenopplæringa? ved Solveig Vestenfor, stortingsrepresentant for Ap (5 minutt)
Å styrke opplæringa på nynorsk ved Åshild Leirset, seniorrådgjevar i HK-dir (5 minutt)
Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? ved Mali Åm, inspektør og fagansvarleg Ulstein kompetansesenter og Eli Tjørhom, lærar Sogndal opplæringssenter (50 minutt)
Spørsmål og samtale leia av Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret (10 minutt)
Avslutning som peikar framover: Å arbeide saman for meiningsfull og effektiv nynorskopplæring (5 minutt)
Seminaret vil vere ein del av Forskingsdagane 2026 ved Høgskulen i Volda.
24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg temaet med både alvor og humor, håp, tru og realisme.
– «Liding» kan kanskje høyrest både tungt og vanskeleg ut, men me lovar eit program som både overraskar, rører og lyfter. Temaet opnar for nære møte, sterke kjensler og nye perspektiv, seier Yngve Knausgård, festivalsjef og museumsleiar ved Vinjesenteret i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.
Kukar og krig
Forfattaren av den absurde og satiriske romanen Kukene/Kukane, Erlend Loe, kjem til Vinje for å samtale om liding, tap og identitet. Samtalen tek utgangspunkt i boka der hovudpersonen Tander mister kjønnsorganet sitt i dusjen.
Seinare blir krigens liding tema i fleire samtalar. Marte Heian-Engdal tek oss med inn i palestinsk familieliv på Gaza og ser på Noregs rolle som fredsmeklar, medan Unni Eikeseth fortel om korleis forskarar bidreg til utviklinga av stadig meir øydeleggjande våpen.
Livsmot og mørke
Publikum kan sjå fram til andre interessante forfattarmøte med mellom andre Tormod Haugland, Gudmund Skjeldal, Kari Stai og Stein Torleif Bjella.
– Me får òg bli kjende med Anne-Lise Frøland, som fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2025, fortel festivalsjef Yngve Knausgård.
Håp er også tema i samtalen «Tru – håp og livsmot når det røyner på». Her møter me bymisjonsprest og forfattar Kari Veiteberg i ein samtale om korleis kristentrua, rituala og tradisjonane kan gje trøyst og fellesskap når me treng det.
Føredrag for påfyll og ettertanke
Litteraturdagane byr som vanleg på fleire gode føredrag. Fredag held Eivind Senneset føredraget «Eksponeringstid: 200 år», om fotografiet som har dokumentert triumfar og lidingar på ein måte som få andre medium. Laurdag held forfattar Aasne Linnestå det tradisjonsrike Vesaas-føredraget. Ho er busett i Svartskog, men er oppvaksen på Rjukan. Laurdag kveld held Grethe Fatima Syéd eit føredrag i samband med 150-årsjubileet for Olav Duun.
Erotikk og musikk på fredag
Korleis skildrar ein erotikk i litteraturen? I samtalen «Erotikk – ei liding å lese, ei liding å skrive?» vil Tormod Haugland, Odd Nordstoga og Selma Lønning Aarø, bidragsytarar til novellesamlinga Attrå: Erotiske fantasiar, forsøke å gje oss svar.
Fredag kveld blir det konsert med Tønes. Frank Tønnesen frå Sokndal er ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar. Tekstane hans er lune og humoristiske observasjonar, ikkje frie for alvor, med emne ein ikkje skulle tru eigna seg som songtekstar.
Familieprogram og festkveld på laurdag Laurdag inviterer me små og store til urframsyning av eit heilt nytt figurteater i regi av Adele Lærum Duus. Stykket byggjer på boka Jakob og Neikob og tidsmaskinen av Kari Stai.
Etter framsyninga les forfattar og illustratør Kari Stai høgt frå ei av dei kjende bøkene sine, før barna kan sleppe laus teiknegleda på teikneverkstaden!
Festkvelden i Edland byr på utdeling av den årlege Storegutprisen og urframføring av Ævestaden si nytolking av prosjektet til Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga frå 2000, då dei sette musikk til diktsyklusen Nivelkinn av Aslaug Vaa.
Program som spenner breitt
– Når me rundar av Litteraturdagane med festivalgudsteneste i Vinje kyrkje på sundag har me fullført eit program som spenner breitt. Frå den bitande satiren til dei aller tyngste og mest dagsaktuelle spørsmåla i tida vår. Me håpar og trur at årets festival vil gje publikum opplevingar som sit i lenge etter at helga er over, avsluttar Yngve Knausgård.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt.
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.