Heim Nyhende Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar i 2024.

– No vart eg utruleg glad, for det er ein gjæv pris som eg er særs glad for å få. Eg har gledd meg over andre gode nynorskbrukarar som har fått prisen før, men det må vere lov å gle seg litt ekstra når ein får prisen sjølv, sa Ingvild Bryn då ho fekk overraskinga, ifølgje ei pressemelding frå NRK Nynorsk mediesenter.

Under nyheitsdivisjonen i NRK sitt fredagsmøte vart Ingvild Bryn overraska med nyhenda om prisen. Der dukka nemleg  juryleiar Solveig Barstad opp på storskjerm. Ho la fram juryen si grunngjeving for utdelinga, og sa mellom anna:

«I ei tid der fleire og fleire programleiarar og andre journalistar brukar dialekt som arbeidsspråk, kan Bryn halda det gåande utan manus med eit ledig og lett normert nynorsk time etter time på direktesendingar i NRK. Slik gjer ho det tydeleg og synleg at nynorsk kan brukast som nyheitsspråk om alt og til alle.»

– Sjølve nynorskrøysta

Det er norske nettbrukarar, avislesarar, radiolyttarar og tv-sjåarar som nominerer kandidatar til prisen. Og at det er ein vinnar som mange har eit forhold til, går også fram av grunngjevinga.

«Årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er for tre generasjonar nordmenn eit lysande døme på korleis kvalitetsjournalistikk på talt nynorsk skal vera. For mange er ho sjølve nynorskrøysta med stor n.»

– Eg kjenner på eit stort ansvar som programleiar i Dagsrevyen, og arbeider mykje med språket. Språket må vere nøkternt, nøytralt og presist, utan fargelegging. Det er spesielt viktig med krig i Ukraina, Gaza, presidentvalkamp i USA og alt som skjer i norsk politikk. No er eg den einaste programleiaren i Dagsrevyen som brukar nynorsk, men eg har mange gode kollegaer i redaksjonen å diskutere med, sa ho då ho takka for prisen.

Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Den høgtidlege utdelinga skjer under dei nynorske festspela i Aasentunet 7. juni. Bryn er den 19. mottakaren av prisen, som er på 75 000 kroner og eit kunstverk.

Om prisvinnaren:

Ingvild Bryn er frå Voss og utdanna frå Høgskulen i Volda med faga media og kommunikasjon, nordisk og statsvitskap. Ho starta som journalist i Horda Tidend. I 1984 vart ho tilsett i NRK Hordaland. Ho har vore korrespondent for NRK i Stockholm og USA. Bryn har motteke ei rekkje prisar for språket sitt, mellom andre Kringkastingsprisen, Alf Helleviks mediemålpris, Årets nynorskbrukar 2012 (saman med Arill Riise), Storegutprisen og Kringkastingssjefens språkpris.

Heile grunngjevinga frå juryen:

Årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er for tre generasjonar nordmenn eit lysande døme på korleis kvalitetsjournalistikk på talt nynorsk skal vera. For mange er ho sjølve nynorskrøysta med stor n.

I år kan Ingvild Bryn feira førti år som journalist i NRK. Det starta lokalt i Hordaland, men ho har sidan fare vide og vore utanrikskorrespondent i både Stockholm og Washington. Rollene har i desse tiåra vorte mange og varierte. Mellom anna leia Bryn i 1996 saman med Morten Harket Eurovision Song Contest-finalen – på verdsspråka engelsk, fransk og nynorsk.

Det er likevel Dagsrevyen som gjer at heile Noreg har eit forhold til Ingvild Bryn. Å løfta normert nynorsk og synleggjera det offisielle språket til hundretusenvis av nordmenn kvar dag er ein viktig del av NRKs samfunnsoppdrag. Ingvild Bryn er ein sterk pådrivar for dette. I ei tid der fleire og fleire programleiarar og andre journalistar brukar dialekt som arbeidsspråk, kan Bryn halda det gåande utan manus med eit ledig og lett normert nynorsk time etter time på direktesendingar i NRK. Slik gjer ho det tydeleg og synleg at nynorsk kan brukast som nyheitsspråk om alt og til alle.

Det finst mange grunnar til at journalistar driv med journalistikk. For Bryn har sjølve språket vore noko av det viktigaste. Ho er oppteken av at språket skal vera korrekt, klart og forståeleg. Det har ho arbeidd for både som utøvande journalist og i rolla som språksjef i NRK, i tillegg til mange år i Mediemållaget. Særleg for eit mindre nytta språk som nynorsk er det viktig med rollemodellar som held fana høgt for at språket skal vera framifrå.

Som språksjef var Bryn oppteken av å sjå heile landet, og ho reiste mykje rundt på distriktskontora. Ho skal ha sin del av æra for at nynorskprosenten i NRK er betre no enn før. Ingvild Bryn blir skildra som ein raus kollega som med godt humør villig vekk gir gode råd og handfast rettleiing til dei som ønskjer det, og til andre med.

For juryen har det vore ei sann glede og ei ære å vedta at Ingvild Bryn får Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for 2024.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...