Heim Blogg Side 370

Sommarsnakk med Kjetil Haanes

0

Han vart nyleg styreleiar i Norsk Presseforbund og har nytta høvet til å be om meir nynorsk i Aftenposten.

Namn: Kjetil Haanes

Alder: 50

Jobbar som: Nestleiar i Norsk Journalistlag (og styreleiar i Norsk Presseforbund)

Bruker sommaren til: Seinke skuldrane, lade batteria til hausten og ikkje minst fiske på Sunnmøre.

Kva for språk bruker pc-en din: Nynorsk, sjølv om pc-n stadig vekk prøvar seg med bokmål og engelsk.

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Det er bra for alle, ikkje minst for dei mange språksløve med dårleg utvikla språkøyre.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Mellom anna i dei store riksavisene, og eg har nyleg utfordra Harald Stanghelle i Aftenposten om å skrive meir på nynorsk.

Kvifor nynorsk: Språk er kommunikasjon, og nynorsk er eit godt språk å kommunisere med andre menneske på. I tillegg fell det naturleg for meg ettersom eg snakkar dialekt og kjem frå Sunnmøre.

Sommarsnakk med Magni Flyum

0

Kvar onsdag i sommarferien snakkar me litt med folk som har tenkt nokre tankar kring dette med språk. Først ute er nyutnemnd administrasjonssjef på Nynorsk kultursentrum, Magni Flyum.

Namn: Magni Hjertenes Flyum

Alder: 31

Jobbar som: Organisasjonssekretær i Landslaget for Lokalaviser (Administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum frå 1. oktober).

Brukar sommaren til: Familien flyttar frå Oslo til Nordfjordeid i august, så i år går sommaren med til pakking og andre flytterelaterte oppgåver. Innimellom passar vi på å kose oss i sola på Vestlandet.

Kva for språk bruker pc-en din: Norsk (bokmål)

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Dialektane speglar mangfaldet i Noreg og bør absolutt vere ein del av språkbiletet i NRK. Likevel meiner eg at NRK bør nytte ein stor del normert språk, både nynorsk og bokmål. Det ein høyrer og les i media er ein av dei viktigaste referansene folk har når dei utviklar språket sitt.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Overalt; på brødposane, i menyane på DVD-spelaren, på skilt og i vekeblad. Det bør vere like naturleg å møte nynorsk som bokmål i alle situasjonar. Lat oss vere stolte over at vi har to skriftspråk i landet og bruke begge.

Kvifor nynorsk: Kvifor ikkje?

Nordstoga fekk målpris

0

Odd Nordstoga har fått LNK sin Målbrukspris for 2005.

Nytt styre i LNK

0

Jan Magne Dahle held fram som leiar i LNK og med det er det Ørsta og Sunnmøre som får halde fram i den sentrale leiinga i organisasjonen.

Jan Magne Dale (59) har lang fartstid i politikken på lokal- og fylkesnivå for SV. i Tillegg er han nestleiar i Tussa Kraft og medlem av styret i Fjord 1.

Olav Ullern i KS inviterte styreleiar Jan Magne Dahle i LNK til samarbeid på landstinget på Rauland.

Nye i styret
Nye i styret blir Solfrid Borge som til dagleg er ordførar i Ullensvang herad og Kjell G. Helland som er varaordførar i Bjerkreim kommune.

Viktige saker
LNK skal ikkje berre synast på den språkpolitiske arenaen. Jan Magne Dahle ønskjer at LNK skal vera eit viktig talerøyr for dei små og mellomstore kommunane som ligg i distriktsnoreg.
– Landstinget har nettopp vedteke eit handlingsprogram som viser at organisasjonen vil arbeida for ei rekke viktige saker for nettopp desse kommunane.

Jan Magne Dale (t.h) blei vald til leiar i LNK på landstinget. Med seg i styret får han Solfrid Borge, Astrid Myran Aarvik (nestleiar), Rune Øygard og Kjell G. Helland (sistnemnde var ikkje til stades når biletet var tatt.)

Styresamansettinga blir slik:
Jan Magne Dale, medlem av fylkesutval i Møre og Romsdal og formannskapsmedlem i Ørsta kommune. I tillegg er han nestleiar i Tussa Kraft

Styremedlemmer:
Astrid Myran Aarvik, nestleiar, kultursjef i Lærdal kommune
Solfrid Borge, ordførar i Ullensvang herad
Kjell G. Helland, varaordførar i Bjerkreim kommune Rune Øygard, ordførar i Vågå kommune

Varafolk:
Nils R. Sandal, fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Velaug Veum, fylkesdirektør i Sogn og fjordane fylkeskommune
Oddvar Haugland, formannskapsmedlem i Vindafjord kommune