Heim Blogg Side 369

Elevar utan nynorske lærebøker

0

Elevane skulle få gratis skulebøker, men mange måtte vente i fleire månader på bøkene. Nokon ventar framleis på nynorskbøkene.

Regjeringa innførde ordninga med gratis skulebøker for mange elevar i vidaregåande skule sist haust, men bøkene let vente på seg. Neste skuleår kan forlaga risikere dagsbøter om dei ikkje leverer skulebøkene i tide.

Elevane ved Ål vidaregåande skole fekk skulebøkene dei skulle ha til slutt, men nynorskutgåvene manglar framleis på nokre av yrkesfaga.

– Vi måtte ta til takke med bokmålsutgjevingane, seier rektor Oddvar Skråmestø til Hallingdølen
Han seier at dei gjerne skulle hatt bøker både på nynorsk og bokmål, og beklagar at det ikkje vart slik.

– Men vi ser ikkje på dette som noko stort problem. Elevane har i alle fall lærebøker, og eg reknar med at bøkene er i rute til neste år, seier rektoren. (NPK)

“Rabatt” til nynorskelevar

0

Lektor og sensor i norsk Jan Mørkedal lurer han på om han bør gje nynorskelevane «rabatt» fordi språket deira er vanskeleg.

Les innlegget hans i Aftenposten.

Nydyrking aukar med 70 prosent

0

Dei siste fem åra har dyrking av ny jord auka med 70 prosent. I fjor vart 12.748 dekar dyrka, mot under 7.500 dekar i perioden 2001-2003.

Nydyrking gjer jordstykke eigna for planteproduksjon og maskinell tilverking. Den svært tidkrevjande prosessen omfattar fjerning av steinar, fjell og vegetasjon og grøfting, utjamning og drenering av jorda. For å få dyrke ny jord, må ein ha løyve frå kommunen.

Rogaland er fylket med mest nydyrking, med 5.705 dekar i fjor, følgt av Hedmark med 4.955 dekar, Nordland med 4.185 dekar og Nord-Trøndelag med 4.153 dekar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ordførar i Hå kommune i Rogaland, som er ein av kommunane med mest nydyrking, meiner veksten kan tolkast som optimisme og posisjonering for framtida. Men også at dette er eit teikn på at bonden må produsere meir for å halde på den same inntekta, skriv Nationen.

Minst nydyrking i 2007 var det i Telemark, der berre 305 dekar vart gjort om til dyrka mark. Like over på lista følgjer Aust-Agder med 307 dekar og Østfold med 361 dekar. (©NPK)

Tove Lie til Samlaget

0

Tove Lie (44) er tilsett som ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget.

– Styret er svært nøgd med at Tove Lie har sagt ja til å etterfølgje Nina Refseth som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Ho er ein erfaren leiar som er van med å jobbe i grenseland mellom børs og katedral, og har eit verdigrunnlag som passar svært godt i forhold til Samlaget. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med Tove Lie, seier styreleiar Siri Hatlen til forlagets eigne nettsider.

Tove Lie kjem frå Trysil og har jobba i Nationen i 12 år. Dei siste tre åra som ansvarleg redaktør og administrerande direktør.
Lie har lang og brei erfaring frå mediebransjen, mellom anna fagpresse, Klassekampen og Ny Tid. Ho har vore journalist, vaktsjef, redaksjonssjef og nyheitsredaktør. Lie har som redaktør i Nationen også blitt tildelt Nynorsk redaktørpris frå Mediemållaget.

Den nye forlagsdirektøren ser fram til nye arbeidsoppgåver.

– Samlaget har ei viktig samfunnsoppgåve, dyktige medarbeidarar og gode forfattarar, som alle brenn for gode bøker. Eg gleder meg til å jobbe i lag med dei alle saman. Eg har fått ein spennande og utfordrande jobb som eg ser fram til å ta fatt på, seier Tove Lie.

Reiseliv, mat og kultur for 75 milliardar

0

Dei tre sektorane reiseliv, lokal mat og kultur omset for mellom 55 og 75 milliardar kroner i året, og sørgjer for at mellom 75.000-100.000 personar har jobb i distrikts-Noreg.

– Potensialet er likevel endå større, seier forskingsleiar og fungerande direktør Egil Petter Stræte i Bygdeforsk til Nationen.
Bygdeforsk har for første gong sett på totalverdien av næringane reiseliv, lokal mat og kultur.

Stræte meiner at større og omfattande samarbeid mellom dei tre sektorane kan utløyse endå større verdiskaping enn det ein har i dag.

No er eit forskingsprosjekt i gang, som ser på korleis desse næringane kan dra større nytte av kvarandre. (©NPK)

Målet er 1000 medlemmer

0

Norsk Målungdom har sett seg som mål å nå 1000 teljande medlemmer innan sommarleiren i juli. Dette skal dei klare gjennom vervekampanjen Verv til tusen!
I mars vedtok landsmøtet til Norsk Målungdom på Voss å setje i gang ein vervekampanje for å få minst 1000 teljande medlemer før sommarleiren som byrjar 8. juli. No håpar dei ein intensiv kampanje skal gi resultat og fristar med vervepremiar som interrailbillett og gratis sommarleir.

Les meir om kampanjen her.

Mållaget krev meir nynorsk

0

Noregs Mållag krev reell språkleg jamstelling. Nynorsken må løftast fram.

Dette vert framheva i arbeidsprogrammet for Noregs Mållag for dei neste tre åra.

– Noregs Mållag ynskjer å påverka individuelle og kollektive val som fører til auka bruk av nynorsk i heile landet: Målet er fleire nynorskbrukarar, fleire målfolk og fleire som er glade i nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Mållaget vil òg at ungane skal møta nynorsken tidlegare enn i dag. Dei som har bokmål som hovudmål, må møta og bruka nynorsk frå dei er ni-ti år gamle – då vil dei læra nynorsk betre og vil bli reelt tospråklege, i tråd med norsk språkpolitikk.

– Me vil peika på at røynslene med nynorsk sidemål er særskilt relevante i ei tid når det fleirkulturelle speglar eit vesentleg større mangfald enn berre nynorsk og bokmål, seier Hege Myklebust.

Landsmøtet attvalde Hege Myklebust (38) som leiar. Ho bur på Stord og er høgskulelektor. Håvard Bjørkedal Øvregård (33) er nyvald nestleiar. Han er leiar i Kringkastingsringen, har vore aktiv innanfor Høgre og er i dag tilsett som prosjektleiar i Norges Idrettsforbund.

Det nye styret ser slik ut; Bente Riise, Oslo; Olav Kuvås, Skaun; Jon Todal, Kautokeino og Aud Søyland, Valdres. Jens Kihl er vald inn frå Norsk Målungdom. Varafolk er Gudrun Kløve Juuhl, Oslo; Håkon Steinar Giil, Hyllestad; Reza Rezaee, Oslo og Marit Aakre Tennø, Luster. NPK)

Lovar tiltak for skulebøker

0

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell krev at både fylkeskommunar og forlag følgjer opp forpliktingane sine for å få skulebøkene på plass i tide til hausten.

Solhjell informerte fredag landsmøtet til Noregs Mållag om korleis departementet har pålagt både forlag og fylkeskommunar å følgje opp at skulebøker kjem i parallellutgåver til same tid og til same pris.

Fylkeskommunane har plikt til å krevje skulebøker både på nynorsk og bokmål til skulane i sine fylke, men rapportar frå april syner at mange av fylkeskommunane ikkje har krevd dette av forlaga. Dette er heilt uakseptabelt, meinte kunnskapsministeren og sa at fylkeskommunane må avlegge ny rapport i september.

I tillegg ønskjer departementet at elevorganisasjonane i kvart fylke rapporterer inn korleis stoda er på skulebokfronten til hasuten.

Kunnskapsministeren nytta og høvet til å minne om at dei same krava til paralellutgåver også gjeld for digitale læremiddel.

Vil framleis mangle skulebøker

0

Det kan gå mot ein ny haust med manglande nynorske skulebøker for elevar i vidaregåande skule. Kunnskapsministeren meiner det ikkje er snakk om diskriminering av nynorskelevar.

Det er rapportar frå forlaga og fylkeskommunane som gir grunnlag for ei tru på at skuleboksituasjonen ikkje vil bli betre for nynorskelevar hausten 2008, melder NTB i dag.

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell vegrar seg for å kalle det ei diskriminering av nynorskelevar, men seier det handlar om eit manglande engasjement for å få gitt ut nynorskbøker.

Somme forlag lar vere å lage nynorskutgåver av læremiddel, og somme fylkeskommunar vedgår at dei ikkje kontrollerar at det blir laga parallellutgåver av skulebøkene.

Kjelde: VG

Målpris til Per Gynt-stemnet

0

Per Gynt – stemnet på Vinstra er tildelt Pris for offentleg målbruk 2007 frå LNK.

Variert Vågåseminar

0

Vågå kommune og LNK er stolte over å kunne presentera eit variert og spennande program til Vågåseminaret.

Sommarsnakk med Kari Traa

0

Sist ute i sommarsnakken i år er idrettskvinna Kari Traa. Ho har mellom anna ein nettbutikk som kommuniserer med kundene på nynorsk.

Namn: Kari traa

Alder: 33 år

Jobbar med: Marknadsføring og design i mitt eige firma. Kari Traa AS

Bruker sommaren til: Trenar mitt eige jentelag i kulekøyring (KT-skilag), hoppar fallskjerm, er med vener og familie og sjølvsagt litt jobbing.

Kva for språk bruker pc-n din: Diverre bokmål : (

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I reklame og i dei store avisene. I nynorskundervisninga i skulen bør det vera eit breiare nynorsk utvalg av spanande ungdomsbøker/lesestoff

Kvifor nynorsk: Nynorsk er naturlig for meg og ligg nærast min eigen dialekt. Eg er ikkje ein fanatisk nynorskforkjempar, men eg tykkjer det er viktig at me som ynskjer å halda på nynorsk ikkje skal verta pressa til å nytta bokmål.Sommarsnakk med Kari Traa

Av LNK NYTT 15.aug.2007

Sist ute i sommarsnakken i år er idrettskvinna Kari Traa. Ho har mellom anna ein nettbutikk som kommuniserer med kundene på nynorsk.

Namn: Kari traa

Alder: 33 år

Jobbar med: Marknadsføring og design i mitt eige firma. Kari Traa AS

Bruker sommaren til: Trenar mitt eige jentelag i kulekøyring (KT-skilag), hoppar fallskjerm, er med vener og familie og sjølvsagt litt jobbing.

Kva for språk bruker pc-n din: Diverre bokmål : (

Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I reklame og i dei store avisene. I nynorskundervisninga i skulen bør det vera eit breiare nynorsk utvalg av spanande ungdomsbøker/lesestoff

Kvifor nynorsk: Nynorsk er naturlig for meg og ligg nærast min eigen dialekt. Eg er ikkje ein fanatisk nynorskforkjempar, men eg tykkjer det er viktig at me som ynskjer å halda på nynorsk ikkje skal verta pressa til å nytta bokmål.