Heim Nyhende 47 millionar kroner til å skapa bulyst

47 millionar kroner til å skapa bulyst

Ei ny løyving på 47 millionar kroner skal hjelpa norske bygder å trekkja til seg nye innbyggjarar. Prosjekt som legg til rette for innvandrarar blir spesielt prioritert.

God respons på løyvinga i fjor har ført til at løyvinga i år er auka 15 millionar kroner.

Ei evaluering av den nasjonale satsinga på småsamfunn syner at slike løyvingar verkar, meiner kommunal- og regionaldepartementet.

– Både småsamfunnssatsinga og bulyst synet det store mangfaldet som finst av aktive og engasjerte folk i Noreg som har eit stort hjarta for lokalsamfunna sine. Eg er difor glad for at eg kan vera med å leggja til rette for at det skjer så mykje positivt i norske bygder, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I den nye utlysinga blir det spesielt fokusert på prosjekt som legg til rette for å integrera innvandrarar i distriktet.

– Vi ser at mykje av folkeveksten i Noreg kjem frå innvandring frå utlandet. Det er viktig at alle kjenner seg velkomne, og at dei blir godt integrerte i dei lokalsamfunna dei kjem til. Vi treng fleire hender og flinke folk i åra framover, og for mange bygdesamfunn kan nye tilflyttarar vera ein positiv tilvekst, seier Navarsete. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...