Heim Nyhende Fekk 50 000 i stipend

Fekk 50 000 i stipend

Maria Tryti Vennerød og Runar Gudnason får 50 000 kroner kvar i stipend frå Noregs Mållag. Pengane skal dei bruke til å få nynorsken inn på nye område.

Maria Tryti Vennerød får stipendet for multimedieprosjektet “Visitt” som ho skal utarbeide saman med Julian Skar og Ingeleiv Berstad. Vennerød er dramatikar og har skrive tekstar til ei rekkje oppsetjingar. Tekstane hennar er og gitt ut i fire bøker.

Runar Gudnason er tekstforfattar og vokalist i rapp-bandet Side Brok. Gudnason skal skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen.

– Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes ”Dølen” og i dag Maria Tryti Vennererøds “Visitt”, sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet.

Det er Kulturdepartementet som løyver pengar til desse arbeidsstipenda som Noregs Mållag deler ut kvart år.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...