Heim Nyhende 6,5 millionar kroner til Språkåret 2013

6,5 millionar kroner til Språkåret 2013

Regjeringa løyver 6,5 millionar kroner til gjennomføring av Språkåret 2013. – Eg er glad for at regjeringa satsar så solid på Språkåret, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk.

– Ambisjonane våre for Språkåret er høge, og vi ønskjer å inkludere nye grupper. Vi skal gjere det vi kan for å realisere planane våre med dei midlane vi no har, seier Sæterbakk.

Regjeringa har bestemt at 2013 skal vere eit nasjonalt språkår. Målet er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag å gjennomføre det store prosjektet, og prosjektleiaren melder at programmet veks kvar dag. Frå november er heile sekretariatet på tre personar på plass i Ivar Aasen-tunet.

– Interessa for Språkåret 2013 blir berre større og større, og det er svært inspirerande å drive fram dette prosjektet, seier Sæterbakk, og slår fast at tiltakslista i prosjektet er lang.

Språkåret 2013 blir opna onsdag 2.januar med ei festførestilling i Kilden kulturhus i Kristiansand. I den byen hadde Det Norske Teatret den første framsyninga si på dagen hundre år tidlegare.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...