Heim Nyhende 667 forslag til Vestland-våpen

667 forslag til Vestland-våpen

Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar har fått til saman 667 forslag til kommunevåpen for det nye Vestland fylke.

 

Alt frå barneskuleklassar til pensjonistar har levert eit vidt spekter av fylkesvåpen med alt frå landskap og dyr til symbol og historiske motiv.

– Det er ein fryd å bla gjennom forslaga. Vi er svært glade for engasjementet arbeidet med fylkesvåpenet har skapt, og har tru på at prosessen til slutt vil gi oss eit fylkesvåpen som er samlande, seier fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd i Hordaland fylkeskommune.

Ein folkejury skal 18. august velje ut ti av dei innsende forslaga, mens ein fagjury skal plukke ut ti andre. Deretter blir det opp til innbyggjarane i dei to fylka å stemme fram ein folkefavoritt blant dei 20 kandidatane.

Folkefavoritten skal i neste omgang konkurrere mot 19 finalebidrag i ein designkonkurranse. Ein fagkomité skal så i siste runde peike ut eit endeleg framlegg til emblem for det nye Vestland fylke før dei folkevalde i dei to fylka gjer det endelege vedtaket. (©NPK)

Sjå alle framlegga her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...