Heim Nyhende Fylkesmann uroleg over pengebruken i kommunar før samanslåing

Fylkesmann uroleg over pengebruken i kommunar før samanslåing

Kommunar som tømmer sparekontoen og tar opp nye lån før dei slår seg saman med andre, uroar fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland. Han åtvarar fleire kommunar.

 

I ei gransking av økonomien i dei 33 kommunane i Hordaland ser fylkesmann Lars Sponheim ein tydeleg tendens: Kommunar som skal slåast saman, har eit uforsvarleg høgt pengeforbruk, melder NRK.

– Fylkesmannen er uroleg. Problemet med utviklinga vi ser, er at dei nye samanslåtte kommunane vil få eit farleg høgt kostnadsnivå og høgt gjeldsnivå, seier Sponheim.

Undersøkinga har sin bakgrunn i at fleire kommunar vil bli slått saman frå 2019–2020. Talet på norske kommunar skal ned frå 428 til 356. Dei gamle kommunane tar då med seg gjelda si inn i den nye og større eininga dei blir ein del av. Slik vil den nye og større kommunen betene omkostningane ved investeringane den mindre kommunen gjer like før samanslåinga.

No erfarer Sponheim at det internasjonalt kjente fenomenet kalla ressursbrenning også gjer seg gjeldande i hans fylke.

Fleire av kommunane har fått tilsendt bekymringar frå fylkesmannen. Blant anna Ullensvang kommune, som med sine 3.500 innbyggjarar planlegg å bruke over 400 millionar kroner fram mot 2021.

Ordførar Solfrid Borge (Sp) tilbakeviser uroa til Sponheim og svarar at dette er investeringar som uansett ville blitt gjennomført.

– Eg er på langt nær så uroleg som det fylkesmann Lars Sponheim er, seier Borge. (©NPK)

Førre artikkelKontakt
Neste artikkel667 forslag til Vestland-våpen

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....