Heim Nyhende Aarebrot trur Senterpartiet kan byte beite

Aarebrot trur Senterpartiet kan byte beite

Ingen vil snakke om det, men Senterpartiet kan sjå graset på borgarleg side som grønast etter valet, meiner professor Frank Aarebrot.

– Det er uskjøneleg at ein gløymer kva rolle Sp kan spele etter valet. Det er faktisk ikkje umogleg at dei kan hamne i ei ny, ikkje-sosialistisk regjering, seier valforskaren til Vårt Land.

Han ser dette som eit openbert tema, så lenge Siv Jensen ser bort frå ei borgarleg regjering utan Frp, og Venstre og KrF så godt som ser bort frå at dei vil regjere med henne. Han meiner Sp raskt vil bruke den fristilte rolla dersom det raudgrøne samarbeidet blir oppløyst av valresultatet.

Sjølv om Senterpartiet og Høgre har ei historie brulagt med konfliktar, trur han førstnemnde raskt vil manøvrere seg til sentrum. Og då kan dei saman med KrF og Venstre til saman bli større enn Frp.

– Om Høgre vel mindretalsregjering med Frp, vil det vere urimeleg for ei sentrumsblokk med atskilleg fleire mandat å vere støtteparti for noko slikt. Trur ein verkeleg at Sp vil sitje stille i Stortinget, og sjå på at Frp og Høgre går i gang med å kutte og snu i landbrukspolitikken? Nei, Sp er eit særinteresseparti som vil ha ei hand på rattet, meiner Aarebrot.

Ingen i Sp ønskjer å snakke om nokon plan B, men avtroppande parlamentarisk leiar Lars Peder Brekk sa til Nationen i vår at han ikkje ser bort frå at ein slik konstellasjon er mogleg. (©NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...