Heim Nyhende Aasmund og Odd Nordstoga i festspelutgåve

Aasmund og Odd Nordstoga i festspelutgåve

Vinjes Blåmann møter grisen til Ragnar Hovland når brørne Nordstoga held opningskonserten under Dei nynorske festspela torsdag 26. juni.

– Vi har stått på same scene mange gonger før, men ikkje med våre eigne respektive repertoar å spele frå. Slik sett blir dette ei heilt ny oppleving både for oss og publikum, seier Odd Nordstoga. Ein felles konsert med brørne Nordstoga under Dei nynorske festspela blir Maren i Myra som møter Frøken Franzen. Publikum får oppleve musikk frå barne TV, skillingsviser, songane til Odd og Aasmund sine songar frå Aasmund Olavsson Vinje. Saman med eminente musikarar lovar dei ein både stemningsfull, livat og morosam konsert på torsdagen under Festspela.

Odd Nordstoga fekk sitt gjennombrot med Kveldssong for deg og meg i 2004. Han har skrive musikken til NRK-seriane Jul i Svingen og Vaffelhjarte og gitt ut ti eigne album. Nordstoga har fått fleire prisar, mellom anna Årets Spellemann i 2004.

Storebror Aasmund Nordstoga har utmerka seg som ein allsidig folkemusikar med eit vidt repertoar. Han platedebuterte i 1997 med Løynde eldars land med tekstar av Tarjei Vesaas. Den siste plata hans, Guten, er songar med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg.

– Vi er svært stolte og glade for at vi får dei to brørne på same scene under Festspela. Dette blir ei konsertoppleving utanom det vanlege, eksklusivt for festspelpublikummet, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

Billettar og festspelpass Dei nynorske festspela er frå 26. til 29. juni og Nordstoga-konserten finn stad i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet torsdagskvelden. Billettar til konserten er allereie lagt ut for sal, og dei første som bestiller får sitje i amfiet.

Dei nynorske festspela tilbyr festspelpass til dei som vil oppleve mest muleg av Festspela. Desse er også lagt ut for sal.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...