Heim Nyhende Agnes Ravatn: – «Fugletribunalet» blir film

Agnes Ravatn: – «Fugletribunalet» blir film

Agnes Ravatn kom med avsløring på boklansering i London.

Agnes Ravatn har akkurat kome heim frå London. Der vanka det stor feiring av at romanen «Fugletribunalet» har floge igjennom det engelske bok-nålauget.

Ravatn-romanen er den første omsette romanen som får æra av å bli med i «Fresh Talent»-satsinga til bokhandlarkjeda WHSmith.

Dermed får boka eigne hyller, med pålimt forfattarpresentasjon, i både bokhandelen og på flyplassar i Storbritannia.

– Det var jo ikkje så reint lite surrealistisk for meg å sjå biletet av meg og boka mi i store stablar overalt, seier forfattaren til NTB.

LES OGSÅ: Kan ein dansa Agnes Ravatn?

– Nesten betre på engelsk
Ho fortel at det er forlaget Orenda Books, som også har Gunnar Staalesen i stallen, som satsar stort på utgivinga. Ravatn deltok også på ein stor ambassadefest torsdag, i regi av den norske ambassadøren Mona Juul.

– Eg var veldig nervøs for å kome for seint til festen, så det var i grunnen det eg tenkte mest på når det gjaldt heile englandsturen, ler ho.

Laurdag fekk ho treffe britiske lesarar på ein litteraturfestival, noko ho seier var ei stor oppleving.

– Det var heilt fantastisk å få så mange gode tilbakemeldingar og høyre om verkeleg gode lesingar av boka. Også det å kunne lese boka mi på eit anna språk er noko som gjer inntrykk. Den er jo nesten betre på engelsk!, ler ho.

Les intervju med ho som har omsett «Fugletribunalet» til engelsk!

Blir film
Rettane til «Fugletribunalet» er selde til sju land, og eit teaterstykke, basert på boka, spelar for andre året på Det Norske Teatret – og er blitt ein stor hit. No kan Ravatn fortelje at det også er film på gang.

– Manuset er skrive og castinga er i gang. Det blir veldig spennande å følgje prosessen fram mot ferdig film.

For tida arbeider Ravatn på ein ny roman. Men ho må finne seg i at «Fugletribunalet» fortset å krevje merksemda hennar.

– Eg trur den treffer lesarar – også utanfor landegrensene – fordi den er tidlaus. Den tek deg til ein stad med få distraksjonar. Det handlar om matlaging, hagearbeid, natur og samtalar. Kanskje lengtar vi litt etter rolegare rom, filosoferer forfattaren – og snakkar vidare om sine eigne arbeidsmetodar.

Ho skriv ofte for hand, og legg alltid mobilen i eit anna rom når ho går inn i skrivemodus.

LES OGSÅ: Her er dei beste forfattarane under 35 år

Ei openberring
– Det har vore ei openberring å jobbe på den måten, eg kjenner meg meir kreativ og skriveprosessen opplevast meir organisk. Å kome seg ut av det digitale tilværet er for meg naudsynt om eg skal få hol på noko, slår ho fast. Og håpar ho ikkje høyrest fundamentalistisk ut.

– Men eg vil gjerne at boka skal kjennest som eit avbrekk. For trass i ein motor av uro og spenning, så er sjølve handlinga ganske udramatisk, seier Ravatn vidare og fortel at ho er veldig glad for at ho bestemte seg for å skrive ferdig «Fugletribunalet».

– Den kunne godt aldri blitt noko av. I fem år låg det eit påbegynt manus i ei skuff på om lag 20–30 sider. Med jamne mellomrom tok eg det fram og kika på det. Og i 2011 bestemte eg meg for å finne ut kven desse personane eigentleg var. Det har eg aldri angra på, seier Ravatn avslutningsvis til NTB.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...