Heim Nyhende – Nynorsken er ein døropnar

– Nynorsken er ein døropnar

Nynorske litteraturdagar opnar fredag 21. oktober og varer helga gjennom.

Torunn Todal Laberg, prosjektleiar for Nynorske litteraturdagar, tilbakeviser at ein festival med nynorsk som hovudtema i utgangspunktet er smal.

– For oss er nynorsken ein døropnar inn i ei verd av litteratur, kunst og musikk som er særmerkt nettopp ved stor variasjon, nyskaping og kraft, held ho fast.

– Kvifor har de valt temaet overskriding for Nynorske litteraturdagar?

– Årets tema er inspirert av alle dei ulike forfattarane, kunstnarane og musikarane som jobbar på tvers og ser moglegheiter i samarbeid og fellesskap. Nokre av dei arbeider på tvers av ulike sjangrar, nokre kombinerer ulike kunstuttrykk til nye uttrykk, nokre sprenger skalaen for tid og tek oss både bakover og framover, nokre arbeider med ulike språk og nokre går inn i samarbeid som gjer dei nyskapande og grensesprengande. Årets tema vart valt fordi me ønskte eit berande tema som var høgst inkluderande – for det er det Nynorske litteraturdagar vil vera.

– Er det nokre programpostar du har spesielle forventingar til i år?

– Det er vanskeleg å velja ut enkeltpostar, rett og slett fordi eg gler meg til alt som står på programmet i år. Me har høgdepunkt alle dagar. Men dersom eg skal velja ut nokre postar eg trur vil by publikum på det lille ekstra ved å vera ei heilt særmerkt oppleving – så vil eg trekka fram «Våre diktande mødre» laurdagen, der Ragnhild Sælthun Fjørtoft samtalar med Klaus Hagerup, Magnus Takvam og Olav Vesaas om dei vidgjetne mødrene deira. I tillegg blir konserten «Tidlaust landskap» med Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas H. Sjøvaag noko heilt spesielt. Konserten vil gå føre seg om bord i hybridbåtsensasjonen Vision of The Fjords ute på Nærøyfjorden. Og til sist vil eg trekka fram Sigrid Moldestad som på søndag tek med seg fantastiske musikarar til Vangen kyrkje for ein konsert basert på nynorsk salmedikting. Eg kan ikkje førestilla meg ei flottare ramme for avsluttingskonserten vår enn det!

– Kor mange publikummarar hadde de i fjor?

– Totalt for festivalen i fjor låg me på rundt 1600 besøkande, men sidan dette er ei blanding av festivalpass, dagpass og enkeltbillettar – så er det vanskeleg å gje eit nøyaktig tal.

– Kva er fordelinga mellom lokalebefolkning og tilreisande til festivalen?

– Dette har me ikkje god nok statistikk på til at eg kan seia noko nøyaktig om fordelinga, men publikum er ei god blanding av tilreisande og lokale – og i fjor kom det folk heilt frå Nord-Noreg for å ta del i festivalen vår. Det er stas! Men når det er sagt, så er det nok flest sogningar mellom publikum.

Sigrid Moldestad kjem til Vangen kyrkje for ein konsert basert på nynorsk salmedikting. Foto: Ingvil Skeie Ljones

– Kva forventingar har de til publikumstal i år?

– Dersom me ser på årets program og jamfører med fjoråret, så forventar me å enda på noko av det same som i fjor. Me håpar sjølvsagt på auke, og satsar på at det ikkje blir nedgang. Det er vanskeleg å spå akkurat dette, men tilbakemeldingane på programmet vårt er såpass gode at me tillet oss sjølve å vera optimistiske.

– Kva vyer har de for festivalen framover?

– Målet vårt er at Nynorske litteraturdagar skal bli eit regionalt arrangement i endå større grad enn i dag. Festivalen vert i dag driven av Nærøyfjorden verdsarvpark, som er ei stifting oppretta av dei fire verdsarvkommunane Aurland, Voss, Vik og Lærdal. Me ser difor føre oss å arrangera spennande ting også ute i dei andre kommunane – og då spesielt retta mot born og unge. Me tek formidlingsoppgåva vår på alvor, og ønskjer å spreia både leselyst og språkglede. I tillegg er det viktig for oss å syna fram kva som rører seg innanfor den nynorske skriftkulturen på tvers av ulike kunstformer. Me ønskjer å skapa gode kulturopplevingar for så mange som mogleg!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...