Heim Nyhende Ål kåra til Noregs kulturkommune

Ål kåra til Noregs kulturkommune

Ål kommune vart under Arendalsuka utropt til Noregs kulturkommune 2021.

Kommunen vann fram i konkurranse med Bergen, Hammerfest og Kristiansund. Det er Norsk Kulturforum som deler ut prisen.

Juryen skriv i grunngivinga si at Ål har ein godt forankra, strategisk, langsiktig og systematisk kulturpolitikk.

– Økonomisk har kommunen vore villige til å satse på kultur, og planverket viser at dette òg vil skje i åra som kjem. Etter meininga til juryen er det eit svært godt og sterkt kulturliv i kommunen, skriv dei.

Dei trekkjer fram satsinga til kommunen på lokale kulturtradisjonar.

– Og dei kombinerer det på ein utmerkt måte med det ibuande ønske til unge om fornying – spesielt gjennom dans. Kommunen har til og med eit nasjonalt og internasjonalt mandat for å fremje både lokale og nasjonale dansetradisjonar, skriv juryen.

Juryen bestod av leiar Kristin Ørmen Johnsen (H) i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, leiar i KS Bjørn Arild Gram og styreleiar Tor Helge R. Moen i Norsk Kulturforum. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...