Heim Nyhende Allkunne fem år

Allkunne fem år

Det digitale, nynorske oppslagsverket Allkunne feirar fem år.

 

Allkunne feirar fem år 20 august, dagen vert markert med nylansering av nettstad saman med over 170 gjestar frå Volda vidaregåande skule.

– Allkunne vil markere bursdagen saman med dei viktigaste brukarane våre: elevar som jaktar på digital kunnskap, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Allkunne har sidan 2009 publisert kvalitetssikra faktaartiklar på nynorsk. I 2013 runda www.allkunne.no ti tusen artiklar. No vert nettstaden meir brukarvenleg og får menyar. Det gjer det lettare åfinne fram på www.allkunne.no

– Allkunne er i ferd med og vekse seg stor. Vi opnar i dag eiga temaside for stortingsvalet, med artiklar om alle politiske parti, partileiarar og viktige omgrep knytt til valkampen. Det kan vere vanskeleg for veljarane å finne nøytral informasjon, særleg på internett og i alle fall på nynorsk, seier Rotevatn.

Det er redaktør for nettavisa Framtida, Svein Olav Langåker som skal opne nye Allkunne. Det skjer på Volda vidaregåande skule tysdag 20.8.13 klokka 10. Fleire enn 170 elevar er inviterte og etter opninga vert det kaker.

– Det er for lite nynorsk på internett. Allkunne sitt samfunnsoppdrag er å gje lesarane artiklar skrivne av fagfolk på god nynorsk, seier Rotevatn

Allkunne er eig aksjeselskap, som er eigd av Nynorsk kultursentrum. Allkunne mottek støtte over statsbudsjettet. Allkunne er gratis å bruke, og nettstaden er utan reklame. I fjor lanserte Allkunne gratis applikasjon for smarttelefonar og iPhone, som har vorte populære.

– Framtida er kvalitetssikra kunnskap rett i lomma, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Førre artikkelTa det beste nynorskbiletet
Neste artikkelFolketalet aukar

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...