Heim Nyhende Allkunne med nynorske mobilapplikasjonar

Allkunne med nynorske mobilapplikasjonar

 

Allkunne lanserer no ein av dei første nynorske applikasjonane.

 

 

Det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne, lanserer no mobilapplikasjonar for iPhone og Android.

– Mobil og nettbrett står i dag for ein stor del av nettbruken. Derfor er det svært viktig å ha nettsider tilpassa plattformene der lesarane er. I fjor lanserte Allkunne mobiltilpassa nettside, og no følgjer vi opp satsinga på mobile plattformer med applikasjonar, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i ei pressemelding.

Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk som inneheld nettstaden rundt 5000 artiklar. Allkunne har fram til i år hovudsakleg konsentrert seg om nynorsk kulturhistorie, men tok i 2012 steget over til å verte eit fullverdig leksikon. Allkunne har i stor grad har satsa på originalskrivne tekstar om personar og institusjonar som elles ikkje finst i andre oppslagsverk. Dei har lagt særleg vekt på personar, institusjonar og organisasjonar, aviser og kommunar knytt til nynorsk skriftkultur og artiklar om språk og språklege emne. No er Allkunne derimot også i gong med å publisere tekstar om andre emne, målet er å etablere seg som eit ålment oppslagsverk.

– Allkunne er eit gratis, digitalt oppslagsverk med kvalitetssikra tekstar. Vi er eit motmaktprosjekt og gir lesarane nynorsk kvalitetstekst, i ei tid der internett fløymer over med usikra informasjon og artiklar. Det er viktig for demokratiet at det finst fleire røyster i det offentlege romet, og Allkunne vil vere der brukarane er, seier Rotevatn.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...