Heim Nyhende Museums-Noreg – eit kuriøst mangfald

Museums-Noreg – eit kuriøst mangfald

Museums-Noreg består ikkje berre av Munch-museet, vikingskip, Kon-Tiki og andre verdskjende turistmål. Sært og kuriøst krydrar det tilbodet til dei nysgjerrige og kunnskapshungrige.

Det kan vere greitt å vite, no i ei tid då mange nordmenn legg planar for ferien, ikkje minst i eige land.

– Ein del av desse er ganske små, og mange er avdelingar av større, museum som er slått saman. Blant alle dei kulturpolitisk korrekte musea, er dei utvilsamt med å sette farge på museumskartet, seier generalsekretær Tron Wigeland Nilsen i Noregs museumsforbund til NTB.

Dei er med på å leite fram eit særeigent, ofte kuriøst, kulturhistorisk mangfald.

Entusiastar
Dei dekkjer fleire tema frå fleire ytterkantar, ofte ut frå særinteressene enkeltentusiastane har.

Drøbak, sommarbyen på Austlandet, kan vise fram meir enn Julehuset, også akvarium med det einaste lutefiskmuseet i verda med eit klart formål: «Informere om korleis livet til ein lutefisk er frå fødsel til tallerken». Ingenting mindre.

Og til lutefisk treng ein drikke som går til retten: Svaret finn du kanskje i Småflaskemuseet i Kirkegaten i Oslo – det einaste i verda i sitt slag.

Norsk Klippfiskmuseum finn du på Nordmøre, Kveitemuseet i Troms – og Norsk Hermetikkmuseum i Stavanger, for å halde oss til det kulinariske.

Om du føler for å pakke fisk og hermetikk i papp og papir, då er Norsk Emballasjemuseum staden. I 30 år heldt det vesle private museet til i «Knusle Brug & Autos Assorterte Landhandel» på Ulvøya i Oslo. No blir samlinga flytt til fjordperla Son.

– Vi vil etablere oss der i år, forsikrar entusiasten Knut Christian Hallan oss om. Han og den betre halvdelen hans brenn for å få vise fram dei 12.500 gjenstandane sine innanfor kategorien emballasje. Ei lokal kulturhending, må vite.

Mangfald
Men mangfaldet går langt utanfor bordkanten. Norsk Tryllemuseum i Oslo, Ovnsmuseet på Bærums Verk og Filmmuseet i Oslo viser andre sider ved det store tilbodet. For ikkje å snakke om Det Internasjonale Barnekunstmuseet, også det i Oslo.

Norsk Myrmuseum på Smøla byr på innsikt i torvdrift, bureising og myrnatur. Norsk Fjellsprengningsmuseum byr på vandring i tunnelen som er sprengt i fjellet ved Vegmuseet – sjå og høyr korleis. Og då kan jo Rallarmuseet på Finse vere ein naturleg oppfølgar.

På Vega på Helgeland viser E-huset Museum – det einaste ærfuglmuseet i verda – tradisjonen med ærfugl som husdyr på ein øy med historie 10.000 år tilbake i tid.

Er du tilfeldigvis i Stavanger – stikk innom Vektermuseet i Valbergtårnet. Den siste vektaren i Valbergtårnet var Tobias Sandstøl. Han slutta i 1922 og var Torbjørn Egners inspirasjon til «Tobias i tårnet» i Kardemomme by. Noko for barna?

Men er du spesielt interessert i hår og frisyre? Då tek du sjølvsagt turen til Det norske barber-, frisør- og parykkmuseum på Gamle Fornebu. Og om du vil oppleve eit annleis dyreliv, rett nok ikkje berre på museum, men midt i sentrum av hovudstaden vår – Oslo Reptilpark er staden!

Museumsnasjon
Noreg er ein museumsnasjon. I Europa ligg vi heilt i toppen både i forhold til besøk og til folketal, ifølgje generalsekretæren i Museumsforbundet.

– Det starta for vel 100 år sidan under nasjonsbygginga. Noreg er eit grisgrendt land – inga bygd med respekt for seg sjølv kunne vere utan eit museum som viste fram kulturen og historia deira. Det har også gitt rom for dei sære og kuriøse, og framleis morosame og kulturhistorisk verdifulle samlingar, seier Tron Wigeland Nilsen.

Ei god hjelp i ferieplanlegginga er medlemsoversikta til Museumsforbundet og Museumsguiden.no – fellesportalen for museum i Noreg. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...