Anne Aasheim er tilsett som ny direktør i Kulturrådet.
Aasheim har tidlegare vore redaktør i Dagbladet og distrikt-pg nyhenderedaktør i NRK.
– Anne Aasheim er den beste me kunne fått i denne jobben. Ho har brei erfaring med å jobbe i store organisasjonar og å leie omfattande omorganiseringar. Ikkje minst har ho solid innsikt i norsk kutlurliv, seier statstråd Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.
Aasheim skal byrje i jobben så snart som mogleg og meiner statsbudsjettet var avgjerande for at ho takka ja.
– Kulturrådet vil møte store organisatoriske utfordringar, og eg ynskjer å legge til rette for dei dyktige fagfolka på best mogleg måte. Endringane statsråden varsla i budsjettet gav svara eg trengde for å takke ja til jobben, seier ho.