Heim Nyhende Are Kalvø til Nynorske litteraturdagar

Are Kalvø til Nynorske litteraturdagar

Are Kalvø kjem til Nynorske litteraturdagar i Aurland for å vise fram den nye grunnlova han har laga saman med folket. 

 

Kalvø er ein av mange som kjem til Nynorske litteraturdagar i Aurland første helga i november. I dag vart det varierte programmet lagt fram. 

Her kan ein blant andre møte forfattardebutantane Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland i samtale med Olaug Nilssen, ein kan også vere med på boklansering av Destillert tyleskap saman med forfattar Jens Brekke og visesongar Ola Bremnes. 

Leiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk, leiar arrangementet: Det fleirspråklege Noreg: Kaos eller identitet? Barne – og ungdomsforfattar Linn T. Sunne skriv ofte om alvorlege og vanskelege tema. I samtale med Øystein Vidnes fortel ho kvifor. 

Og forfattar Kristian Bjørkelo i samtale med Heidi Hattestein stiller spørsmålet: det skal vere lov å ville endre verda, men når går ein for langt? 

– Nynorske litteraturdagar er ein liten og intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar. Litteratur, språk, musikk, kunst og humor utgjer eit årleg kulturarrangement som me er svært stolte av å vera vertskap for, skriv arrangøren på eigne nettsider. 

Arrangøren lovar at både Språkåret 2013 og 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fylke set preg på arrangementet.

Det er Aurland kommune som står bak Nynorske litteraturdagar. Det heile starta med at tidlegare ordførar, Olav J. Ellingsen, tok til å dela ut nynor­ske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Seinare kom «Song for livet», ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeida barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her fekk ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei skulle lesa og analysera nynorsk samtidslitteratur. Nynorske litteraturdagar er ei vidareutviklinga av desse tiltaka.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...